Portugal

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjonar, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i Portugal:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Portugal etter skatteavtalen mellom Noreg og Portugal, har krav på skattefritak i Noreg for pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare lønnsarbeid i privat teneste.
    - Skattefritaket gjeld òg pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare arbeid i offentleg teneste når mottakaren er portugisisk statsborgar.
  • Skattytarar med NHR-status kan også reknast som busette i Portugal dersom dei legg fram dokumentasjon på at dei er busette i Portugal etter skatteavtalen art. 4 nr. 1.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Portugal

Skatteavtalen mellom Noreg og Portugal regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.

Desse pensjonane og uføreytingane er skattepliktige i Noreg:

  • grunnpensjon frå folketrygda
  • uføretrygd frå folketrygda
  • pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren ikkje er portugisisk statsborgar
  • pensjon og uføreytingar som er knytt til tidlegare næringsverksemd
  • pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytt til tidlegare tilsetjing, og livrenter
  • krigspensjon

Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:

  • pensjon knytt til tidlegare lønnsarbeid i privat teneste. Dette gjeld både tilleggspensjon som NAV betalar ut, og pensjon frå private tenestepensjonsordningar og pensjon over drift
  • pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren er portugisisk statsborgar
  • uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i Portugal som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak for pensjon/uføreytingar som ifølgje skatteavtalen ikkje skal skattleggjast i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Certificate of Residence) frå portugisiske skattemyndigheiter som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Portugal etter skatteavtalen med Noreg.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er busett i Portugal etter skatteavtalen, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar og uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Ein person som har status som "non-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal, kan ha krav på skattefritak for pensjon/uføreytingar i Noreg då  han ikkje oppfyller vilkåret om å være busett i Portugal etter skatteavtalen.

Forskotstrekk for inntektsåret 2024

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg etter skatteavtalen med Portugal, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Søkjer du om frikort/skattekort for 2024 må du:

  • oppgi kven som betalar ut pensjonane eller uføreytingane, kva typar pensjonar du får og korleis forventa bruttoinntekt fordeler seg på dei ulike pensjonane eller uføreytingane
  • opplyse om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgjevar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
  • dokumentere kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir utbetalt av NAV. Du kan til dømes leggje ved ein kopi av ein utbetalingsslipp for ein av dei siste månadene frå NAV.
  • leggje ved ein bustadattest (Certificate of Residence) frå portugisiske skattemyndigheiter

Bustadattesten må vere utferda av portugisiske skattemyndigheiter og stadfeste at du er skattemessig busett i Portugal etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn seks månader.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt skattetrekksmelding. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2021 som ikkje var skattepliktig, og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2022, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2023. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort/skattekort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har status som "non-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal, før dei skriver ut frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Du må søkje om nytt skattekort når du:

  • flytter frå Portugal eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der
  • får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annan pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar.

Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon.

Skattemeldinga for inntektsåret 2022

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei norsk skattemelding i mars 2023.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp kva for beløp som er skattepliktig i Norge.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Portugal etter skatteavtalen med Noreg. Skattekontoret kan òg krevje at du sender inn dokumentasjon som viser kva for beløp som er skattefritt i Noreg.

Certificate of Residence må vere utferda av portugisiske skattemyndigheiter. Det må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av portugisiske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2022 i Portugal.

Ein person som har status som "non-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal, kan ha krav på skattefritak for pensjon/uføreytingar i Noreg då han ikkje oppfyller vilkåret om å være busett i Portugal etter skatteavtalen. Skattekontoret kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har status som "non-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal.

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje fått skattemelding innan 15. april 2023, kan du kontakte Skatteetaten.

Særskilde reglar for personar som er busette i eit EU/EØS-land

Dersom du er busett i eit EU/EØS-land, kan du krevje at skatten skal reknast ut etter dei same reglane som for personar som er busette i Noreg.

Du kan lese meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og du har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktige i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktige for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld òg for denne gruppa.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Telefon frå utlandet  +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg  800 80 000

Sende melding:  Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.

Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.