Vi oppdaterer veiledning til skattemeldingen nå

Innholdet på denne siden gjelder skattemeldingen du leverte i 2021. Vi oppdaterer nå innholdet slik at det gjelder skattemeldingen du skal levere våren 2022. All veiledning til skattemeldingen vil være oppdatert i god tid før du mottar skattemeldingen. Du får også hjelp og veiledning inne i skattemeldingen din.

Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno. Innhaldet blir for tida revidert og blir omsett så snart som mogleg. Innhald under Rettskilder blir ikkje omsett.

Endra reglar for pendlarar

For pendlarar som har kokemoglegheiter hjå pendlarbustaden, er det ikkje frådragrett for kostutgifter i det heile.

Som pendlar har du no berre ein frådragsrett for meirkostnader til kost (mat og drikke) og losji (kostnader for pendlarbolig) når pendlarbustaden ikkje har kokemoglegheiter, og i maksimalt 24 månader rekna frå det tidspunktet du først vart gitt frådrag for meirkostnadene.

Reglane om maksimalt 24 månader med frådrag hadde verknad frå og med inntektsåret 2020. Tidsavgrensinga på 24 månader blir berekna frå 1. januar 2018, slik at bortfallet av frådragretten først skjedde frå 1. januar 2020.

Skifter du kommune for både arbeidsstad og pendlarbustad, kan du få frådrag i ei ny 24-månadersperiode

Har du heimen din i eit anna EØS-land og arbeider i Noreg, er kravet til talet på besøksreiser for å krevje frådrag for reisekostnader, kost og losji endra frå 2018. Du kan krevje at endringane òg blir lagde til grunn for tidlegare års skattemelding. Sjekk om det gjeld deg.

Frådrag for meirkostnader for deg som har arbeidsstad i Noreg og heimen din er i eit anna EØS-land.