Kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar

Dei fleste utanlandske arbeidstakarar som er nye i Noreg blir automatisk med i ei frivillig skatteordning som heiter kjeldeskatt på lønn når dei søkjer om skattekort. I denne skatteordninga betaler du ein fast prosent skatt, som arbeidsgivaren din trekkjer av lønna di.

For å sjå undertekstar på føretrekt språk må du klikke på CC-knappen nedst til høgre i filmvindauget og velje språk

Betaler du kjeldeskatt på lønn, treng du ikkje gjere noko meir med skatten din etter at du har fått lønn. Du leverer ikkje skattemelding, og du får ikkje eit skatteoppgjer. 

Elektroniske brukarar får skattekvitteringa for 2023 i juni 2024. Papirbrukarane får skattekvitteringa i august.

Slik blir du med i kjeldeskatt på lønn-ordninga

Alle som jobbar i Noreg, må ha skattekort. Som utanlandsk arbeidstakar i Noreg kan du velje mellom to måtar å betale skatt på. Når du søkjer om skattekort, blir du anten med i kjeldeskatt på lønn-ordninga eller den ordinære skatteordninga. Dei fleste utanlandske arbeidstakarar blir automatisk med i kjeldeskatt på lønn-ordninga viss dei har korte arbeidsopphald i Noreg, eller viss det er det første året dei bur i Noreg.  

Du kan velje deg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga og betale ordinær skatt viss det lønner seg for deg. Du kan velje deg ut når du søkjer om skattekort, eller ved å endre skattekortet ditt seinare i inntekståret. Viss det er arbeidsgivaren din som søkjer om skattekort for deg, kan ikkje han eller ho velje deg ut av ordninga. Du kan velje deg ut skriftleg når du har time for ID-kontroll.

Dersom du skal bu i Noreg, må du betale ordinær skatt etter eitt år. Viss du ikkje bur i Noreg, men reiser til Noreg for korte arbeidsoppdrag, blir du med i kjeldeskatt på lønn-ordninga kvar gong du søkjer om skattekort. Viss du bur i utlandet og får styrehonorar frå norske selskap, kan du også vere med i kjeldeskatt på lønn-ordninga.

Skilnaden på kjeldeskatt og ordinær skatt

Viss du betaler ordinær skatt, varierer skatteprosenten etter kor mykje du tener i løpet av eit år. Skatteprosenten blir justert etter inntektene og frådraga dine. Om du tener lite, betaler du lite skatt, og om du tener mykje, betaler du meir skatt.

Betaler du ordinær skatt, får du ei skattemelding året etter at du jobba. Skattemeldinga er ei oversikt over mellom anna inntekta di. I skattemeldinga kan du krevje frådrag for utgifter du har hatt i samband med arbeidet i Noreg. Etter at du har fått og levert skattemeldinga, får du eit skatteoppgjer. Skatteoppgjeret viser om du har betalt for mykje eller for lite skatt. Dersom du har betalt for lite skatt, må du betale det du skuldar. Dersom du har betalt for mykje skatt, får du pengar tilbake på kontoen din.

Viss du betaler kjeldeskatt, betaler du ein fast prosent i skatt kvar månad, uansett kor mykje eller lite du tener. 

Du må sjekke kva måte som lønner seg for deg.

Kjeldeskatt

Ordinær skatt

Du betaler 25 % i skatt.

Har du fritak frå å betale trygdeavgift i Noreg, betaler du 17,2 % i skatt.

 

Skattesatsen varierer etter inntektene og frådraga dine.

Skatten din er ferdig betalt når du får utbetalt lønna di.

Skatten din er førebels betalt, og Skatteetaten sjekkar at skatten er riktig neste år.

Du får ikkje ei skattemelding neste år.

Du får og leverer ei skattemelding neste år.

Du får ei skattekvittering neste år som viser kor mykje skatt du har betalt til Noreg i fjor.

Du får eit skatteoppgjer neste år som viser om du har betalt for mykje eller for lite skatt i Noreg i fjor. Har du betalt for mykje, får du pengar tilbake. Har du betalt for lite, må du betale meir skatt.

Du kan maks tene 670 000 kroner i 2024.

Det er inga øvre grense for kor mykje du kan tene.

Du kan ikkje krevje nokre frådrag.

Du kan krevje frådrag, til dømes for pendlerkostnader og renteutgifter..

Finn ut kva som lønner seg

Du må sjølv undersøkje kor mykje skatt du kjem til å betale i dei to ordningane.

For å berekne kor mykje skatt du kjem til å betale med ordinær skatt kan du bruke skattekalkulatoren. For å finne ut kva frådrag du har krav på kan du bruke frådragsrettleiaren.

For å berekne hvor mykje du kjem til å betale med kjeldeskatt på lønn kan du trekkje 25 prosent frå lønna di. Har du fritak frå å betale trygdeavgift i Noreg, trekkjer du 17,2 prosent frå lønna di.

Skatten er rekna ut frå skattesatsar for 2022, og det er ikkje tatt omsyn til andre frådrag enn minstefrådrag og personfrådrag. Andre opplysningar om arbeidsforholdet ditt i Noreg kan endre beløpa, og du kan ha krav på fleire frådrag.

Antal månader jobba i Noreg

Lønn              

Kjeldeskatt med trygde-avgift

Kjeldeskatt utan trygde-avgift

Ordinær skatt med trygde-avgift

Ordinær skatt utan trygde-avgift

1

20 000

5 000

3 400

1 387

1 387

1

40 000

10 000

6 800

6 534

6 534

1

60 000

15 000

10 200

12 131

12 131

           

2

30 000

7 500

5 100

1 429

1 429

2

60 000

15 000

10 200

7 866

7 866

2

100 000

25 000

17 000

26 266

18 266

           

3

60 000

15 000

10 200

4 160

4 160

3

100 000

25 000

17 000

22 400

14 400

3

120 000

30 000

20 400

29 200

19 600

 

 

 

 

 

 

6

120 000

30 000

20 400

17 920

8 320

6

240 000

60 000

40 800

58 399

39 199

6

270 000

67 500

45 900

68 599

46 999

 

Slik vel du deg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga

Det er frivillig å vere med i kjeldeskatt på lønn-ordninga.

Siste frist for å velje seg ut er 31. desember, tre år etter inntektsåret. Viss du vel deg ut, kan du ikkje velje deg inn igjen for det same året.

Du kan også kombinere kjeldeskatt på lønn med inntekter som verken er skattepliktige eller trygdepliktige i Noreg, til dømes lønn opptent i utlandet når du ikkje er medlem i norsk folketrygd.

Arbeidsgivaren din er ansvarleg for å trekkje rett skatt av lønna di.

Du har krav på å få pengar tilbake frå Skatteetaten dersom

  • arbeidsgivaren din har trekt meir enn 25 prosent kjeldeskatt av lønna di
  • du ikkje hadde trygdefritak då du byrja å betale kjeldeskatt, men fekk trygdefritak etter ei stund

For å få pengar tilbake må du sende oss ein søknad via kontaktskjemaet vårt. Søknaden din må inkludere

  • kva år du betalte for mykje kjeldeskatt av lønna di
  • kva månad(er) du krev å få pengar tilbake for
  • beløpet du krev å få tilbake
  • dokumentasjon som viser at arbeidsgivaren din har trekt for mykje kjeldeskatt av lønna di

Når vi har behandla søknaden din, får du eit brev med informasjon om beløpet du får tilbakebetalt. Du får også ei skattekvittering med denne informasjonen.

Du kan krevje å få pengar tilbake i tre år etter året du betalte for mykje kjeldeskatt.

Beløpet du får tilbake blir betalt til den norske eller utanlandske bankkontoen du har registrert hos oss.

Viss du vil endre bankkontonummeret vi har registrert for deg, må du logge deg inn og endre kontonummeret ditt, eller fylle ut dette  og sende det i posten saman med kopi av ID-dokumentet ditt (til dømes pass) til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Noreg

Dersom du meiner at lønna du har tent i Noreg ikkje er skattepliktig i Noreg etter føresegner i ein skatteavtale som Noreg har inngått med eit anna land, vil Skatteetaten vurdere ein slik søknad. Dersom søknaden blir godtatt, vil du få eit skattekort etter ordinære reglar. Du kan ikkje skattleggjast i kjeldeskatteordninga i eit slikt tilfelle.

Du kan heller ikkje skattleggjast i kjeldeskatteordninga dersom det er sendt inn eit NT1-skjema om at du blir trekt i skatt i eit anna nordisk land etter nordisk trekkavtale.

  • tener meir enn 642 950 kroner i året (gjeld inntektsåret 2023). For inntektsåret 2024 er beløpsgrensa 670 000 kroner.
    • Forventar du å tene meir enn 642 950 / 670 000 kroner (inkludert feriepengar og skattepliktige utgiftsgodtgjersler m.m.) i året, må du huke av for at du ønskjer å betale skatt etter ordinære skattereglar når du søkjer om skattekort.
    • Viss du er usikker på om du kjem til å tene meir enn beløpsgrensa, kan du starte i kjeldeskatt på lønn-ordninga og velje deg ut på eit seinare tidspunkt.
  • har andre skattepliktige inntekter. Det kan til dømes vere
    • offentlege ytingar frå NAV, til dømes sjukepengar eller dagpengar, når du pliktar å betale trygdeavgift på ytinga
    • foreldrepengar frå NAV, også når arbeidsgivar betaler desse på forskot
    • skattepliktig inntekt frå næring i Noreg
    • inntekt opptent på norske skip
    • inntekt opptent på norsk sokkel
    • andre inntekter som berre er trygdeavgiftspliktige til Noreg, til dømes lønn frå norsk arbeidsgivar for arbeid utført i utlandet når du er medlem i norsk folketrygd (omfattar ofte flygande personell, landstransportsjåførar og grensegjengere)
    • inntekter som ikkje er skattepliktige til Noreg ifølgje skatteavtale, til dømes dersom arbeidsgivar ikkje har fast driftsstad og verken arbeidsgivar eller du er skattepliktig til Noreg etter skatteavtale
    • skattepliktig lønn frå nordisk arbeidsgivar der skattetrekk blir betalt inn til eit anna nordisk land etter reglane i nordisk trekkavtale (NT1)
    • inntekter som er skattepliktige til Svalbard
    • inntekter som medeigar i bustadselskap/bustadsameige i Noreg
    • kapitalinntekt over 10 000 kroner

Har du slike inntekter, må du gi beskjed til Skatteetaten slik at du får eit korrekt skattekort. Det gjer du ved å søkje om nytt skattekort.