Pressemelding

Skattemelding for næringsdrivande: Fristen nærmar seg

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

I fjor blei eitt av ti selskap pålagt tvangsmulkt for manglande eller sein levering av skattemelding for næringsdrivande. Dersom du ikkje har levert enno, byrjar det å haste. Skattemeldinga må leverast innan midnatt torsdag 31. mai.

Skatteetaten treng korrekte og fullstendige opplysningar for å sikre at skatten blir rett fastsett. Næringsdrivande kan bli pålagde tvangsmulkt ved for sein eller manglande levering av pliktige oppgåver, slik som skattemeldinga. Det vil seie at du må betale eit beløp for kvar dag du ikkje har levert.

– Det er bra å sjå at dei fleste leverer til rett tid. Dersom du har motteke skattemelding for næringsdrivande, må du hugse å levere denne innan fristen. Det gjeld sjølv om du ikkje har endringar og sjølv om du ikkje ser på deg sjølv som næringsdrivande, for eksempel dersom du har avslutta verksemda di og blitt lønnsmottakar, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Meir enn 70 000 fekk tvangsmulkt 

Tvangsmulkt ved manglande levering av oppgåver blei innført med den nye skatteforvaltingslova frå 1. januar 2017. Endringa har ført til at fleire leverer pliktige opplysningar innan fristen, slik at det blir færre skjønnsfastsettingar.

I fjor blei det likevel fastsett over 70 000 vedtak om tvangsmulkt for manglande levering av skattemelding for næringsdrivande. Det vil seie at eitt av ti selskap fekk tvangsmulkt fordi dei ikkje leverte skattemeldinga i tide.

Færre skjønnsfastsettingar 

Talet på næringsdrivande som får skjønnsfastsetting, er meir enn halvert frå 2016 til 2017. I 2017 blei litt over 18 000 næringsdrivande skjønnfastsett på grunn av manglande innlevering av skattemeldinga, samanlikna med 38 000 året før. Det var rundt 8000 personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) som blei skjønnsfastsett, mot 15 000 året før, og 10 000 selskap, mot 23 000 året før.

– Dei fleste næringsdrivande rapporterer slik dei skal. Dersom du er blant dei få som ikkje leverer opplysningane i tide, må Skatteetaten skjønnsfastsetje skatten på grunnlag av opplysningane vi har, blant anna frå tidlegare år. Det kan ikkje bli like korrekt som når skattytaren sjølv rapporterer inn rette opplysningar, seier Holte. 

Skatteetaten hjelper deg

På skatteetaten.no finn du mykje informasjon om skattemeldinga og nyttige verktøy. Dersom du ikkje finn det du treng der, kan du få rettleiing på telefon, chat eller på Facebook-sida til Skatteetaten, Skatten min bedrift, der du blant anna kan få svar på spørsmål om skattemeldinga og sjå kva andre lurer på.

Enklare rapportering for småbedrifter 

Næringsrapport skatt er ei enklare leveringsløysing for dei som driv eiga bedrift og gjer rapporteringa sjølv. Skatteetaten anslår at ein av tre næringsdrivande kan bruke denne løysinga. Sjekk her: skatteetaten.no/naeringsrapportskatt

Utsetje leveringsfristen 

Næringsdrivande kan søkje om utsetjing av leveringsfristen dersom det ikkje er mogeleg å levere i tide. Søknadsfristen er 31. mai.

Fakta 

Rundt 704 000 selskap er pliktige til å levere skattemelding for næringsdrivande:

  •  364 000 enkeltpersonføretak
  •  321 000 aksjeselskap
  •  19 000 deltakarlikna selskap

I 2017 blei det fastsett 73 789 vedtak om tvangsmulkt for sein eller manglande levering av skattemelding for formues- og inntektsskatt for næringsdrivande, for til saman 433 millionar kroner. 

Tvangsmulkt er ei dagleg mulkt for verksemder som ikkje leverer opplysningane dei skal innan fristen.

For manglande levering av skattemelding for næringsdrivande er satsen eit halvt rettsgebyr per dag. I 2018 er rettsgebyret på 1130 kroner. Maksimumsgrensa er 50 rettsgebyr, det vil seie 56 500 kroner.

Tvangsmulkta gjeld fram til

  • opplysningane blir gitte
  • skattestyresmaktene fastset ved skjønn
  • maksimal beløpsgrense er nådd

Du finn meir informasjon og hjelp med skattemeldinga for næringsdrivande på skatteetaten.no/naering