Kvifor er det skilnad på tilgodebeløpet og det eg har fått inn på konto

  • Skriv ut

Det er skilnad på tilgodebeløpet og det eg har fått inn på konto

Er det skilnad på beløpet som står til gode på skatteoppgjeret og det beløpet som du har fått utbetalt? Då kan skatteoppkrevjar ha foretatt ei motrekning i tilgodebeløpet.

Det er ein oppgjørsmåte som inneber at to krav vert avrekna mot kvarandre så langt dei dekker kvarandre. 

Du vil då få eige brev frå skatteoppkrevjaren som viser kva for krav som er dekt opp ved motrekning.

Skuldar du:

  • skatt eller forseinkingrenter for tidlegare år,
  • skatt til andre kommunar,
  • har ubetalt bidragsgjeld, meirverdiavgift, arveavgift, eigedomsskatt, eller
  • har andre restansar til stat eller kommune, til dømes bøter eller kommunale avgifter

kan skatteoppkreveren Skatteetaten (og andre instansar som forvaltar slike krav) dekke krava sine gjennom motrekning i ditt tilgodebeløp på skatten.

Har du spurnad om dette, ta kontakt med skatteoppkrevjaren i den kommunen du er skattepliktig til. 

Skatteoppkreveren svarar på spurnad om motrekning, og kan òg informera deg om kva for eit krav som er dekt opp og kven det er som har kravd motrekning.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.