Mellombelse reglar som følgje av Covid-19

  • Oppdatert: 09.06.2020

Her finn du informasjon om mellombelse reglar knytt til permittering som følgje av Covid-19.

20. mars 2020 blei permitteringsreglane endra. NAV gir mellombels lønnskompensasjon til permitterte for å kompensere arbeidstakarar for bortfall av arbeidsinntekt dei første 18 dagane etter at arbeidsgivar er friteken frå lønnsplikta ved permittering.


Dersom den permitterande arbeidsgivaren har forskotert stønaden som lønn i stønadsperioden, blir utbetalt lønn refundert, avgrensa oppover til seks gongar grunnbeløpet delt på 260 per dag. Arbeidsgivar kan få refusjon for utbetalt lønn i stønadsperioden for permitteringsperiodar som byrja før 20. april 2020. For permitteringsperiodar som byrjar etter 20. april gjeld ikkje refusjonsordninga.


Arbeidsgivarar må fremje søknad om refusjon til NAV innan 31. august 2020, på den måten Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Følg med på NAV sine sider for å få fleire opplysningar om refusjon.
Det skal ikkje betalast arbeidsgivaravgift av lønnskompensasjon som permitterande arbeidsgivar har forskotert, så langt arbeidsgivaren får refusjon for utbetalt lønn.


Ordninga med refusjon av arbeidsgivaravgift skal praktiserast på same måte som ved refusjon av sjukepengar o.a. slik at du får eit frådrag i grunnlaget for arbeidsgivaravgift når ytingane faktisk blir refunderte. Frådraget kan først gjerast gjeldande i den månaden refusjonen frå Arbeids- og velferdsetaten ligg føre, sja Arbeidsgivaravgift – avgiftsgrunnlag, punktet om refusjon.

 

Skal du oppgi lønn eller ytingar til ein tilsett som er permittert, oppgir du det på same måte som du har gjort tidlegare, til dømes som fastlønn, timelønn eller annan inntekt. Det finst inga eigen beskriving for lønn utbetalt under permittering, sjå Permittering.


Sjå mellombels forskrift 29.05.2020 nr. 1102 og mellombels forskrift 16.04.2020 nr. 800.