Gi rettar til å representere verksemda

Personar som ønskjer å bruke betalingsløysinga til Skatteetaten på vegner av ei verksemd, må vere registrerte med riktige rettar i Altinn.

Tildeling av rettar må gjerast av ein i verksemda som har signeringsrett i Altinn. Ofte er dette dagleg leiar eller andre nøkkelpersonar i verksemda.

For å kunne tildele rettar til andre brukarar må du ha signeringsrett i Altinn.

Logg deg inn i Altinn og vel korrekt aktør, det vil seie den aktøren/rolla der du representerer verksemda.

Steg-1-nynorsk.png

Under "Andre med rettar til verksemda" kan du sjå kven som allereie har rettar i verksemda. Her kan du

  • fjerne og gi rettar til eksisterande brukarar
  • gi rettar til nye brukarar

Dersom du skal gi rettar til ein ny brukar, vel du "Leggje til ny person eller verksemd".

Steg-2-nynorsk.png

Søk opp den nye brukaren ved å fylle inn både fødselsnummer og etternamn.

Steg-3-nynorsk.png

Når du har funne rett person, vel du "Gi nye rettar".

Søk opp og vel rett teneste: "Engangsavgift betaling".

Steg-4-nynorsk.png

Den nye brukaren må ha desse rettane for å gjennomføre betalingar i Skatteetaten si betalingsløysing:

  • Lese – ikonet som viser eit auge (til venstre)
  • Skrive – ikonet som viser ein blyant (i midten)

Dersom ikonet for å "signere" – pennen (til høgre) – også er aktivert, må du vurdere å fjerne denne tilgangen før du går vidare.

Steg-5-nynorsk.png

Den nye brukaren som er lagd til med nye rettar, vil no stå i oversikta "Andre med rettar til verksemda" på profilsida di.

Steg-6-nynorsk.png

Spørsmål om Altinn

Dersom du har spørsmål eller opplever problem knytt til Altinn, inkludert rettar og roller, kontaktar du Altinn brukarservice.