Ekteskap etter utenlandsk rett – steg for steg

Dersom de skal gifte dykk etter utanlandsk rett, må de sjølve undersøkje med styresmaktene i det aktuelle landet om kva dokumentasjon dei krev at de legg fram.

Dersom landet de skal gifte dykk i krev ein attest for å inngå ekteskap, kan vi utferde ekteskapsattest. Ein ekteskapsattest vil vere eit bevis på at det etter norsk lov ikkje er noko som hindrar at du kan gifte deg. For å få ekteskapsattest må Skatteetaten gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra.

 

Viss begge er busette i Noreg

Viss begge er busette i Noreg, vil Skatteetaten normalt kunne gjennomføre prøvinga av ekteskapsvilkåra for begge partar. 

Sjølv om du er busett i Noreg som utanlandsk statsborgar, er det ikkje sikkert du treng ekteskapsattest frå norske styresmakter.

Er du utanlandsk statsborgar busett i Noreg, vil det som regel også vere behov for dokumentasjon frå statsborgarlandet ditt.

Sjekk med styresmaktene der du skal gifte deg om kva dokumentasjon du treng å leggje fram.

Norsk statsborgar og utanlandsk statsborgar som ikkje er busett i Noreg

Viss du som norsk statsborgar skal gifte deg med ein utanlandsk statsborgar som ikkje er busett i Noreg eller ikkje har anna tilknyting til Noreg, skal Skatteetaten normalt berre prøve ekteskapsvilkåra for deg.

Den kommande ektefellen din leverer dokumentasjon frå statsborgarlandet sitt til styresmaktene i landet der de skal gifte dykk.

Dette betyr at dei gjeldande dokumentasjonskrava for prøving av ekteskapsvilkår i Noreg berre gjeld for deg.

Norsk statsborgar som ikkje bur i Noreg

Norske statsborgarar som er utflytta frå Noreg, må normalt leggje fram dokumentasjon frå bustadlandet sitt for å få prøvings- eller ekteskapsattest.

Det elektroniske søknadsskjemaet omfattar både eigenerklæring og forlovarerklæring.


Det elektroniske søknadsskjemaet omfattar både eigenerklæring og forlovarerklæring.

Viss du heller vil gjere det på papir, må du fylle ut skjemaa under og sende dei samla til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

 

Har du vore gift tidlegare?

For personar som er skilde etter utanlandsk rett, må skilsmissa vere godkjent av Statsforvaltaren. Kravet om godkjenning gjeld ikkje dersom skilsmissa vart gjennomført i eit av dei andre nordiske landa, og dersom begge ektefellane var busette og hadde statsborgarskap i eit nordisk land på tidspunktet for skilsmissa.

Ved vigsel etter utanlandsk rett

Dersom du giftar deg etter utanlandsk rett og den du skal gifte deg med ikkje har vore busett i Noreg, må du leggje ved informasjon om denne personen sitt fulle namn, fødselsdato, fødestad og statsborgarskap.

Last ned skjema for opplysningar om kommande ektefelle

Dersom søknaden om ekteskapsattest er godkjent, vil du få ei stadfesting på dette i Altinn eller i posten. Samtidig vil vi sende attesten vidare til Statsforvaltaren eller Utanriksdepartementet for at dei skal føre på nødvendig apostille eller legalisering.

Du får ekteskapsattesten i posten etter at apostille eller legalisering er ført på.

Du/de må sjølv vidaresende ekteskapsattesten til vigslaren og avtale tidspunktet for vigselen.

Ekteskapsattesten er gyldig i 4 månader.

Viktig informasjon

Hjerte

Vi i Skatteetaten ønskjer dykk til lukke med dagen og framtida!

For å få ekteskapet godkjent i Noreg må de sende den originale vigselattesten til Skatteetaten: 

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo


Vi sender den originale vigselsattesten i retur som rekommandert post.

Ver merksam på at det er stor skilnad på kva som blir rekna som gyldig dokumentasjon når ein giftar seg i utlandet.

For ekteskap inngått i nordiske land:

De må sende inn den originale vigselattesten.

For ekteskap inngått i desse landa:

Afrika: Burkina Faso, Burundi, Den demokratiske republikken Kongo (DRC), Ekvatorial-Guinea, Elfenbeinskysten, Eritrea, Etiopia, Gabon, Gambia, Ghana, Guinea, Kenya, Liberia, Mali, Nigeria, Republikken Kongo, Sierra Leone, Somalia, Sudan, Sør-Sudan, Uganda, Zimbabwe
Asia: Afghanistan, Bangladesh, Filippinane, India, Irak, Jemen, Myanmar (Burma), Pakistan, Saudi Arabia, Sri Lanka, Syria, Vietnam
Europa: Kosovo

Attestar frå desse landa har lite eller ikkje noko truverd fordi dei ofte er falske. Det kan gjerast unntak dersom Utlendingsdirektoratet (UDI) har godtatt at ekteskapet er inngått i samband med familiegjenforeining. Det same gjeld viss ein norsk utanriksstasjon har verifisert vigselen.

For ekteskap inngått i andre land:

Attestane må vere original og påført apostille, eller vere legalisert av utanriksdepartementet i landet. Attestar som er verifiserte av ein norsk utanriksstasjon blir òg godtatte.

Behov for omsetjing

Omsetjing kan vere nødvendig med mindre attesten er skriven på engelsk, dansk, svensk, islandsk eller finsk. Dersom attesten er omsett, må du sende inn både den originale attesten og omsetjinga.

Er attesten omsett i eit land utanfor Norden, må både attesten og omsetjinga ha apostille ført på eller vere legalisert av utanriksdepartementet i landet.

Når ekteskapet er godkjent i Noreg, blir det registrert i Folkeregisteret, og vi sender deg oversikt over opplysningane som er registrerte. På Min side vil du kunne sjå namnet og fødselsdatoen til ektefellen din og at sivilstanden din har blitt endra.

Sjå saksbehandlingstida for å godkjenne vigsel etter utanlandsk rett