Introduksjonsstønad for nykomne flyktningar - skattespørsmål

Introduksjonsordninga gjeld for innvandrarar mellom 18 og 55 år med flyktningbakgrunn som nyleg har kome til landet.

Ordninga blir administrert av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), og kombinerer eit introduksjonsprogram med ein introduksjonsstønad. Stønaden er skattepliktig

For deg som får introduksjonsstønad

Skattekort og forskotstrekk

Introduksjonsstønaden er ei skattepliktig inntekt. Den som utbetalar stønaden, må syte for at det blir trekt skatt før stønaden blir utbetalt. Skatten blir trekt på grunnlag av stønadmottakars skattekort. Du må difor bestille skattekort. Skattekortet er elektronisk og du skal ikkje levere skattekortet til stønadsutbetalar. Når du har bestilt skattekort, vil stønadsutbetalar hente ditt skattekort elektronisk.

Ved utskriving av skattekort tek ein m.a. omsyn til om du har arbeidsinntekt i tillegg til stønaden, om du har utgifter som gir rett til frådrag til døme reiseutgifter, utgifter til barnepass, rentekostnader. I tillegg tek det hensyn om du har formue eller gjeld. Forskotstrekket skal i tillegg til skatten dekkje ei eventuell trygdeavgift. 

Skattetrekket skal dekkje utrekna skatt og trygdeavgift.

Du kan be om endring av skattekortet dersom du meiner at du blir trekt for mykje eller for lite. Du kan endre skattekortet her.

Skattemelding og skatteoppgjer

I april får du skattemeldinga. Her skal du kontrollere og oppgi kva for inntekter du hadde siste år. Før skatten blir utrekna, kan du trekkje frå einskilde utgifter som du har betalt sjølv. Sjå alt om skattemeldinga her.

Samla inntekt, inkludert introduksjonsstønad, over visse beløpsgrenser, skal det betalast trinnskatt av.

Skattekontoret reknar ut kor mykje skatt du skal betale ut frå opplysningane i skattemeldinga og andre opplysningar skattekontoret har om deg.

Du får skatteoppgjeret anten i juni eller oktober. Då får du vite om du allereie har betalt rett beløp i skatt, eller om du har betalt for mykje eller for lite.

Kva kommunen må gjere

Forskotstrekk

Den som utbetalar introduksjonsstønaden skal trekkje skatt. Skatten skal trekkjast på grunnlag av stønadsmottakaren sitt skattekort.

Stønadsmottakaren må difor bestille skattekort før kommunen kan hente det elektronisk fra Skatteetaten.  

Rapporteringsplikt

Kommunen må rapportere introduksjonsstønad og forskuddstrekk i a-meldinga. 

Etter inntektsårets utløp skal kommunen sende ein samanstilling til stønadsmottaker over rapportert beløp.

Arbeidsgivaravgift

Kommunen skal ikkje betale arbeidsgivaravgift av introduksjonsstønad.

Informasjon om introduksjonsstønaden finn du hjå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (www.imdi.no)