Uføretrygd og skatt

Her finn du spørsmål og svar om uføretrygd og skatt.

Generelle spørsmål

Nei, det er det same. Uførepensjonen frå NAV gjekk frå 1. januar 2015 over til å heite uføretrygd. Vilkåra for å få innvilga dette vart ikkje endra. Uføreytingar frå andre pensjonsgivarar enn NAV/folketrygda, til dømes Statens pensjonskasse, vil framleis heite uførepensjon.

Nei, alle uføreytingar som tidlegare vart skattlagde som pensjon, blir skattlagde som lønn frå 1. januar 2015.

Nei, uføretrygda er ikkje pensjonsgivande inntekt, men du vil få pensjonsopptening basert på den inntekta som uføretrygda erstattar. Du får pensjonspoeng til og med året du fyller 66 år viss du er født før 1962. Er du født seinare, får du opptening til og med året du fyller 62 år.

For nærmare opplysningar om grunnlaget for pensjonsoppteninga, kontakt NAV.

Skatt og skatteberekning

NAV/folketrygda har auka storleiken på uføretrygda for å kompensere for at skattenivået har vorte høgare.

Har du ein annan pensjonsgivar i staden for eller i tillegg til NAV/folketrygda, må du ta kontakt med han for å få meir informasjon om det har vorte endringar i ytinga du mottar. 

Når det gjeld kva den enkelte vil få utbetalt, avheng dette både av storleiken på trygda/uføreytinga, så vel som eventuelle tillegg, skatt, frådrag osv.

Vi kan desverre ikkje svare konkret på om du får meir eller mindre utbetalt enn tidlegare.

Skattekort og skattetrekk

Kvar desember får du skattetrekksmeldinga for neste år. Skattetrekksmeldinga viser kva opplysningar som er lagde til grunn for det nye skattekortet ditt. Der vil det også gå fram kva prosent- eller tabelltrekk du skal ha. Tabelltrekk skal i utgangspunktet brukast hos hovudarbeidsgivaren (utbetalaren du får utbetalt mest frå). Har du andre arbeidsgivarar/pensjonsutbetalarar, skal dei bruke prosenttrekk.

Når vi bereknar inntekta i skattekortet for 2023, bruker vi opplysningar frå arbeidsgivaren din for oktober 2022 (x 12). I nokre tilfelle bruker vi dei siste 12 månadene frå november 2021 til oktober 2022. Sjå døme under. I tillegg justerer vi lønnsinntekta opp med ein forventa lønnsvekst. For 2023 er den på 3,0 prosent. Vi bruker det som gir høgast inntekt av desse to alternativa. Viss inntekta ikkje stemmer, kan du sjølv endre skattekortet som arbeidsgivaren din hentar ut.

Sjå døme på korleis skattetrekket blir berekna.

Nei, du tener ikkje opp rett til feriepengar på uføretrygd.

På den andre sida er det ikkje skattetrekk på utbetalinga av trygda i juni. Dersom du jobbar ved sidan av trygda, tener du opp rett på feriepengar av arbeidsinntekta di. Du finn meir informasjon om uføretrygd på nav.no

Det er viktig å sjekke grunnlaget for berekninga av skattetrekket ditt på skattetrekksmeldinga som du får i desember og sjå at opplysningane stemmer.

Viss du har tabellkort, er det viktig å passe på at tabelltrekket berre blir brukt av ein utbetalar (hovudarbeidsgivar) i same tidsrom. Andre utbetalarar må bruke prosenttrekket.

Dersom du ønskjer å gjere endringar, bør du endre skattekortet ditt.

NAV/folketrygda bruker tabelltrekk viss du har uføregrad høgare enn 50 prosent, eller viss det er NAV/folketrygda som utbetaler den høgaste ytinga.

Då må du bestille eit nytt skattekort.

Når du endrar skattekortet ditt på skatteetaten.no, vil NAV motta ei oppdatering så snart endringa er behandla av Skatteetaten.

Kjeldeskatt

Kjeldeskatt på pensjon på 15 prosent blir vidareført. Han blir ikkje påverka av dei nye reglane.

Kombinasjon av uføretrygd og lønn

Uføretrygda blir skattlagd som lønn for at dei som kan jobbe ved sidan av skal sleppe å forhalde seg til to ulike skattereglar.

Frå 1. januar 2015 vart både uføretrygd og lønnsinntekt skattlagd som lønnsinntekt, og ikkje som pensjonsinntekt og lønnsinntekt. Stortingsvedtaket om at bruttoytinga for nye uføre skal aukast til 66 prosent av tidlegare inntekt opp til 6 G, føreset at ny uføretrygd blir skattlagd som lønn.

Regulering av G

Ja, ho blir oppjustert saman med G-reguleringa.