Reindrift

Reindriftsutøvarar må skatte av inntekter frå reindrifta, og dei får frådrag for kostnader knytte til reindrifta.

Gjeld det meg?

Dette gjeld deg som er reindriftsutøvar.

Kven gjeld det ikkje for?

Gjeld ikkje om du har avvikla reindrifta, og du berre har nokre få rein igjen.

Dette må du gjere

Skattekort og forskottsskatt

Sjekk skattekortet ditt, og hugs å betale forskottsskatt.

Meirverdiavgift

Dersom du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, skal du også levere mva-melding.

Rekneskap

Før rekneskap heile året. Rekneskapen din skal vere oppdatert med alle inntektene og kostnadene du har hatt.

Skattemelding

Du må levere skattemelding med næringsspesifikasjon seinast 31. mai.

Rekneskapen din legg grunnlaget for utfyllinga av næringsspesifikasjonen. Du må oppgi alle inntektene og kostnadene du har i næringsverksemda. Du får frådrag for kostnader.

Reindriftsmeldinga

Melding om reindrift er ikkje det same som skattemeldinga. Reindriftsmeldinga blir registrert hos Landbruksdirektoratet, vanlegvis innan 10. april. 

Inntekter

Inntekt frå reindrifta og biinntekter skal med i skattemeldinga. Døme på biinntekter:

  • inntekt frå sal av husflidsprodukt som er biprodukt av rein
  • inntekt frå sanking av bær
  • inntekt frå snarefangst
  • inntekt frå fiske i elver og ferskvatn

Erstatningar

Har du fått erstatning for tap av rein, blir dette ført som inntekt.

Frådrag

Frådrag for mva. på snøskuter, beltemotorsykkel og ATV i reindriftsnæringa

Om du eig rein og driv reindriftsnæring i det samiske reindriftsområdet

Då kan du ha inntil fire snøskuterar, beltemotorsyklar eller ATV-ar utan at dei blir rekna som personkøyretøy. Det betyr at det er frådragsrett på mva. for den delen som blir brukt i reindriftsnæringa når du kjøper køyretøya.

Om du driv med reindrift utanfor det samiske reinbeiteområdet

Då kan du eige inntil åtte snøskuterar eller ATV-ar.

Om nye køyretøy

Du kan berre kjøpa nye køyretøy kvart andre år (etter 24 månader) viss du skal få frådrag. Blir køyretøyet heilt øydelagt (kondemnert), kan du få frådrag på mva. når det blir erstatta.

Reineigarar kan ha både ein primærbustad og ein sekundærbustad. Sekundærbustaden blir vanlegvis nytta som sommarbustad av familien når reinen er på sommarbeite, og ligg som regel utanfor beiteområdet og i nær tilknyting til den faste busetjinga i distriktet.

Sekundærbustaden blir rekna som eit bustadbygg og kan ikkje skrivast av.

 

Begge bustadene følgjer reglane for skatt ved utleige av bustad: Skatt når du leiger ut bustad og eigedom - Skatteetaten

For reindrift blir butid i sekundærbustad og primærbustad likestilt. Dersom vilkåra elles er oppfylte, kan bustadene seljast skattefritt.

Begge bustadene følgjer reglane om realisasjon av eigen bustad: Skatt når du skal selje bustad eller annan eigedom - Skatteetaten.

Du kan få frådrag for kostnader til mat og drikke (kost) dersom du bur utanfor heimen.

Bur du i sekundærbustaden, får du ikkje frådrag for mat og opphald (kost og losji).

Driftsutgifter, som til dømes kostnader til innbu i ei gjetarhytte, kan du få frådrag for.

Hovudregelen er at det ikkje er frådrag for arbeidsklede, sjølv om kleda hovudsakleg blir brukte i arbeidet.

Du får likevel frådrag for arbeidsklede som er lite eigna for bruk utanfor arbeidet, som til dømes verneklede.

Du får frådrag for kostnader til kjøp av gjetarhund. Viss gjetarhunden kostar 15 000 kroner eller meir, skal kostnaden skrivast av i saldogruppe d.

Du får også frådrag for kostnader til fôr til gjetarhund. Kostnaden skal setjast til 2 600 kroner per år. Dersom du kan dokumentere at kostnaden er høgare, kan du bruke den faktiske kostnaden.

Sal av kvalpar er skattepliktig inntekt.

Gjennomsnittsfastsetjing

Gjennomsnittsfastsetjing betyr å fordela inntektene frå reindrifta utover fleire år, slik at inntekta blir jamnare fordelt.

Gjennomsnittsfastsetjing gjeld for enkeltpersonføretak.

Når du har drive med reindriftsverksemd i tre heile kalenderår, blir du skatta det tredje året for gjennomsnittet av årsinntektene du har hatt dei siste tre åra. Det vil seia summen av dei tre åra delt på tre.

Gjennomsnittsfastsetjinga held deretter fram til verksemda blir avslutta.

I skattemeldinga skal du fylle ut både årets over- eller underskott og over- eller underskottet for dei to tidlegare åra.

Ved opphøyr er det ikkje gjennomsnittsfastsetjing for det siste året.

Blir reindrifta overtatt av ein einearving eller ektefelle/sambuar, skal gjennomsnittsfastsetjinga halde fram.

Reindriftsfrådrag

Dersom du driv reindrift som næringsverksemd i meir enn seks månader av inntekståret, kan du ha rett på reindriftsfrådrag.

Reindriftsfrådraget kan berre bli gitt i positiv inntekt. Det vil seie at frådraget ikkje kan vere større enn overskottet ditt.

Reindriftsfrådraget reduserer ikkje den berekna personinntekta. Det betyr at reindriftsfrådraget ikkje reduserer grunnlaget for berekninga av sjukepengar, foreldrepengar og andre ytingar.

Dersom overskottet frå reindrifta er under 93 000 kroner, er reindriftsfrådraget det same som overskottet. Då blir den skattepliktige inntekta 0 kroner.

Døme

   Overskott                            80 000 kroner
-  reindriftsfrådrag                    80 000 kroner
= Skattepliktig inntekt                       0 kroner

Dersom overskottet frå reindrifta er mellom 93 000 kroner og 361 421 kroner, er reindriftsfrådraget 93 000 kroner pluss 38 prosent av overskottet over 93 000 kroner.

Døme

Overskott                                                200 000 kroner
- Reindriftsfrådrag: 93 000 kroner +         133 660 kroner
38 % av (200 000 – 93 000)
= Skattepliktig inntekt                                 66 340 kroner

Dersom overskottet frå reindrifta er over 361 421 kroner, er reindriftsfrådraget 195 000 kroner.

Maksgrense for reindriftsfrådraget

Det maksimale reindriftsfrådraget er 195 000 kroner.

Reindriftsfrådraget blir rekna ut frå kor stort overskottet i reindriftsverksemda er, det vil seie alle inntektene minus alle kostnadene. Når inntekta er gjennomsnittsberekna, blir denne lagt til grunn.

Slike ytingar skal ikkje førast som inntekt i næringsspesifikasjonen, men direkte i skattemeldinga.

I berekninga av reindriftsfrådraget, kan du ta med sjukepengar, dagpengar og foreldrepengar som erstattar inntekter frå reindriftsverksemda.

Du kan få frådrag for innskott til reineigarfond. Uttak frå reineigarfond må leggjast til grunnlaget for reindriftsfrådraget.

Deler du næringsinntekta med andre, skal de dela frådraget. Dette kan vere ektefellar eller ANS og DA (blir kalla selskap med deltakarfastsetjing).

Ektefellar har berre krav på maksimalt eitt frådrag på til saman 195 000 kroner.

Driv du jordbruk eller skiferproduksjon i tillegg til reindriftsverksemd, er maksgrensa for frådrag 195 000 kroner for alle næringane samla.

Det er eigne frådrag for fiske og sjøfolk. Dersom du har rett på slike frådrag, kan du få desse i tillegg til reindriftsfrådraget.

Reineigarfond

Reineigarfond blir også kalla for Avviklings- og omstillingsfond. Fondet skal gi reineigarar ein skattemessig fordel med å spare pengar til avvikling eller omstilling av reindrifta. Bakgrunnen er at det har vore eit overbeiteproblem i mange reinbeiteområde, og dermed er det eit behov for å redusere talet på rein og reineigarar.

For å kunne setje pengar inn på reineigarfondet, må talet på rein vere redusert med minst ein tredel gjennom året. Vilkåret er at reduksjonen må komme av tap av dyr, slakt eller sal av livdyr.

Reduksjon på grunn av sal av livdyr gjeld berre dersom områdestyret har gitt ei skriftleg erklæring om at salet vil føra til nødvendig omstilling i reindriftsnæringa.

Du får frådrag i inntekta for beløpa som blir overførte til reineigarfondet.

Det må setjast av minst 30 000 kroner i året, og det er mogleg å setje av pengar dei åra vilkåra er oppfylte.

Det kan maksimalt setjast av 80 prosent av årets overskott årleg.

Det året du tar ut beløp ut frå reineigarfondet, skal desse beløpa bli førte som inntekt.

Til skattemeldinga, skal du leggje ved ei stadfesting frå banken på innskotne beløp. Du må også leggje ved ei erklæring frå banken om at dei vil rapportere alle innskott og uttak på kontoen også framover.

Renter på kontoen skal først skattleggjast når pengane blir tatt ut.

 

Takseringsreglar

Verdien på varer og dyr innan reindrift går fram av takseringsreglane.

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon eller leggje ved noko i skattemeldinga, men du må ta vare på rekneskapen med bilag og annan dokumentasjon. Du må kunne leggje fram dokumentasjon om me spør om det.