Endre forskotsskatten for 2022?

Søknad om å endre forskotsskatten for 2022 kan du anten senda per post ved å fylla ut og senda skjema RF-1102 eller logga inn og skriva til oss. Forskotsskatten for 2022 kan du endre fram til mars 2023.

Forskotsskatt for enkeltpersonføretak

Dersom du driv sjølvstendig næringsverksemd som enkeltpersonføretak eller er deltakar i selskap med deltakarfastsetjing, skal du som regel betale forskotsskatt. 

Du skal betale skatten i løpet av det året du tener pengane. Forskotsskatten blir fastsett på bakgrunn av det du forventar av overskot, pluss anna løns- eller pensjonsinntekt du har i tillegg til næringsinntekta, kapitalinntekter, frådrag og formue. Skatteprosenten ligg vanlegvis mellom 34,4 og 49,8 prosent.

Kva vil du gjere?

Nye enkeltpersonføretak og deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing som er busette i Noreg, kan søkje om forskotsskatt dersom skattepliktig overskot er forventa.

Det er ingen automatikk i at du får tilsendt faktura på forskotsskatt. Du må sjølv søkje om å få rekne ut forskotsskatten din. 

Logg inn for å søkje om forskotsskatt

Dette må du fylle ut i søknadsskjemaet:

  • Vel kategorien «Næring».
  • Vel inntekta som er aktuell for deg. Det vanlegaste er «Anna næring».
  • Legg inn forventa overskot både i «Overskot anna næring» og «Personinntekt – anna næring». Anslå eit beløp etter beste evne. Du kan endre dette seinare dersom du ser at du har anslått feil.

Søknaden vil innehalde alle dei skattepliktige forholda dine. Viss du har lønnsinntekt i tillegg til næringsinntekt, vil du dermed ofte få ein kombinasjon av skattekort og forskotsskatt.

Du finn ei utrekning av forskotsskatt og eventuell prosent for skattekort nedst på sida. Den utrekna forskotsskatten blir fordelt på fire innbetalingar og du får tilsendt faktura.

Budsjettert underskot i næring blir ikkje teke med på skattekortet. Endeleg underskot blir teke med i skattemeldinga.

Før kvart forfall får du tilsendt ein faktura med konto- og KID-nummer. Du finn denne i innboksen din i Altinn. 

Dersom du ikkje har faktura: 

Betalingsfristar

I løpet av året får du fire fakturaar:

  • 15. mai
  • 15. juni
  • 15. november
  • 15. desember

Ver nøye med å betale forskotsskatten innan fristen

Dersom ein termin ikkje er betalt innan fristen (ved forfall), vil forskotsskatten for heile året forfalle til betaling. Dette inneber at heile forskotsskatten for inneverande år kan tvangsinnkrevjast. Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter blir rekna frå forfall fram til betaling. 

Dersom du ikkje kan betale

Forskotsskatten skal betalast ved forfall. Dette gjeld sjølv om du har søkt om å få endra skatten, men ikkje har fått svar på søknaden. Utsetjing av betaling av skatt eller andre betalingsordningar blir berre unntaksvis innvilga.

For å berekne kor mykje forskottsskatt du skal betale, hentar vi informasjon frå skatteoppgjeret ditt i fjor.

Du kan endre forskottsskatten når som helst i løpet av året.

Dersom overskottet ditt blir lågare eller høgare enn det som er oppført i skattekortet, bør du endre beløpet. Overskottet finn du ved å leggje saman inntekter og trekkje frå kostnader i enkeltpersonføretaket ditt.

Dersom du betaler for lite forskottsskatt, må du betale restskatt året etter. Dersom du betaler for mykje forskottsskatt, får du pengar igjen ved skatteoppgjeret året etter.

Dersom du endrar skattekortet tett opptil forfallsdato, må du framleis betale det beløpet som er fastsett tidlegare, men vi vil justere beløpet for neste termin.

Sjukepengar

Sjukepengar til næringsdrivande frå Nav er ei trekkfri yting. Det betyr at Nav ikkje trekkjer skatt ved utbetaling. Ytinga er likevel skattepliktig. Du må derfor passe på at du betaler forskottsskatt av sjukepengane. Sjukepengar for næringsdrivande skal førast i ein eigen post i skattekortsøknaden, som du finn under kategorien "Næring".

Du kan sjølv justere fordelinga mellom forskotsskatt og skattetrekk

Meir informasjon om forskotsskatt

Du kan sjekke kor mykje du har betalt i forskotsskatt ved å logge inn på Sjå krava og betalingane dine

Du kan sjølv justere fordelinga mellom forskotsskatt og skattetrekk. Du kan til dømes justere slik at du får eit høgare skattetrekk på løna din og lågare forskotsskatt, eller omvendt. Du kan ikkje endre forskotsskatten til eit lågare beløp enn det du allereie har betalt i forskotsskatt i år. Justering mellom forskotsskatt og skattetrekk endrar ikkje den totale utrekna skatten.

Du må logge inn for å gjere endringar mellom forskotsskatt og skattetrekk. Når du er logga inn, finn du dette feltet for justering av forskotsskatt nedst på sida:

Bilde-NYN_id1404.png

Sjå kor mykje du har betalt i forskotsskatt 

Du kan sjekke kor mykje du har betalt i forskotsskatt ved å logge inn på Sjå krava og betalingane dine.

Du får éin samla forskotsskatt, éi skattemelding og eitt skatteoppgjer. Du får eitt samla krav for alle skatteforholda.

Viss du har spørsmål eller ønskjer å søkje om endring av forskotsskatten, må du skrive ut skjema RF-1102 og sende det til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO

Skriv ut skjema RF-1102 – Søknad om endring av skattekort/forskotsskatt

Papirskjemaet inneheld mange postar. Du skal berre fylle ut postane som gjeld for deg.

Forskotsskatt

Her kan du sjå ein liten film som forklarer 

  • om du skal betale forskotsskatt
  • korleis du søkjer om forskotsskatt
  • kvar du finn betalingsinformasjon