Kontakt oss

Lurer du på noko, er du velkommen til å ta kontakt med oss. 

No lurer mange på dette

Skattemeldinga blir send ut fram til og med 30. mars. Vi sender deg ein e-post eller sms når du kan sjekke di.

Etter at skattemeldinga di er levert, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten.

Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.

Logg inn og sjekk status på ditt skatteoppgjer

Restskatt

Viss du har fått restskatt, får du ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før fristen forfell. Du treng ikkje å vente til fakturaen kjem før du betaler.

Viss du kan, bør du betale før 31. mai, så slepp du renter. Du kan betale inn det du kan med ein gong, og betale litt og litt fram til fristen. På den måten kan du lage din eigen nedbetalingsplan.

  • Betal restskatt.

Har du fått restskatt, er det vanlegvis fordi det har blitt trekt for lite skatt i løpet av året. For å unngå restskatt til neste år bør du sjekke tala i skattekortet for 2026.

Pengar til gode

Dersom du har pengar til gode, blir dei utbetalte etter at skatteoppgjeret ditt er klart. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.  

For at du skal få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må vi ha eit kontonummer. Sjekk at du har registrert eit kontonummer, og at dette stemmer.

Du kan sjekke kva frådrag du har rett på ved å bruke frådragsrettleiaren vår.

Viss du har selt, arva eller leiger ut bustad, må du sjekke om du skal leggje dette til i skattemeldinga di. Sjekk rettleiinga for å finne ut kva som gjeld for deg:

  • Sal av bustad
  • Utleige av bustad

Formuesverdien på bustaden din blir berekna basert på område, areal, byggjeår og type bustad. Sjekk at opplysningane om bustaden stemmer. Dersom du meiner at formuesverdien er for høg, kan du setje han ned, men då må du leggje ved takst, verdivurdering eller liknande. 

Om formuesverdien manglar i skattemeldinga, må du sjølv leggje til opplysningar om areal og byggjeår.

Meir om formuesverdi for ulike bustader og eigedomar

Mi side

Du finn informasjon om deg og skatten din på Mi side.

Logg inn:

Mi side

Chat

Du kan skrive til chat-roboten vår.

Ring oss

Hovudnummeret vårt er 800 80 000.
Det er gratis å ringje dette nummeret.

  • 1 Skatt, skattemelding og skatteoppgjer
  • 1-1 Privatperson
  • 1-2 Enkeltpersonforetak
  • 1-3 Aksjeselskap eller andre virksomheter
  • 1-4 Revisor, rekneskapsførar eller advokat
  •  
  • 2 Skattekort og forskotsskatt
  •  
  • 3 Flytting, ekteskap, namn og andre folkeregisterspørsmål
  • 4 A-ordningen
  • 5 Meirverdiavgift
  • 6 Køyretøy, omregistreringsavgift, vektårsavgift, vrakpant, tollkreditt og andre særavgifter
  • 7 Barnebidrag

Frå utlandet ringjer du +47 22 07 70 00.
Når du ringjer oss frå utlandet, gjeld eigne prisar.

For spørsmål om eit krav du skal betale eller andre førespurnader om innkrevjing, kjem du lettast i kontakt med ein saksbehandlar ved å ringje nummeret som står i brevet du fekk.

Opningstida vår er 09:00–15:00 alle kvardagar.

Skriv til oss

Dersom du må kontakte oss skriftleg, må du logge deg inn. Du kan ikkje sende e-post til oss.

Skriv til oss

Skal du sende oss brev i posten, bruker du denne adressa:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Besøk oss

Treng du å møte opp på eit skattekontor, må du bestille time.

Bestill time

Skal du møte opp hos oss, kan du sjå oversikta over skattekontor for å finne det som ligg nærmast:

Finn det nærmaste skattekontoret

Kemner eller skatteoppkrevjar

Oljeskattekontoret

Registerinfo (Serviceeining for byggjenæringa)

Sekretariatet for Skatteklagenemnda

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA)

Skattedirektoratet

Skatteinnkrevjing kjeldeskatt pensjon

Skatteinnkrevjing Svalbard

Skatteinnkrevjing utland

Skatteinnkrevjing international tax recovery assistance

Saksbehandlingstider

Vi behandlar førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg.

Sjå den forventa svartida.

Bestill attest

Det kan vere mange grunnar til at du treng ein attest eller ei utskrift. Svar på nokre få spørsmål og få hjelp til å finne og bestille den attesten du treng.

Bestill attest eller utskrift

Klage til Skatteetaten

Korleis du skal gå fram for å klage, kjem an på kva du skal klage på. I mange tilfelle kan du no endre sjølv i staden for å klage.

Slik går du fram for å endre eller klage

Til toppen
footer/desktop/standard
Skatteetaten. Logo

Om Skatteetaten

  • Kontakt oss

  • Tryggleik og personvern

  • Informasjonskapsler

  • Tilgjengeerklæring

  • Jobb i Skatteetaten

  • Om oss

  • Analyse og rapportar

  • Forsking

Følg oss

Sjå alle kontoane til Skatteetaten

Presse

Pressemeldingar, pressekontaktar og annan informasjon for journalistar.

Sjå presserommet vårt

 

Bruke data frå Skatteetaten

Skatteetaten deler data som andre verksemder og etatar kan ombruke for å forenkle og effektivisere eksisterande og nye digitale tenester.

Korleis få tilgang til data

For oppdragsgivarar ved innkrevjing

Satsar
Skjema og tenester
RSS
Sámegiel skovit
Personvern
Tips oss
Koronatiltak

Del skjermen din med Skatteetaten

Gi rettleiaren du snakkar med på telefon tilgang til å sjå det du ser på skatteetaten.no.

  • Når du deler skjerm med oss, kan vi hjelpe deg med å finne fram på skatteetaten.no.
  • Rettleiaren ser berre det du ser på skatteetaten.no, og kan ikkje fylle ut opplysningar eller sende inn noko på vegner av deg.
  • Det er du som godkjenner skjermdeling og ingenting blir lagra.
  • For å avslutte skjermdeling må du lukke nettlesaren din.
Du må fylle inn en kode, og den må bestå av 5 siffer