Vanlege spørsmål om kjeldeskatt

Du skal betale kjeldeskatt på uføreytingar når du bur i utlandet og ikkje er skattepliktig som busett i Norge. Dette gjeld både når du mottek uføretrygd frå NAV og når du mottek uføreytingar frå andre ordningar.

Det gjeld nokre unntak fra skatteplikta. Les meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Det er berre personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, som skal betale kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar. Personar som framleis er skattemessig busette i Noreg, skal skattleggjast på same måten som personar som bur i Noreg.

Les meir om reglane om skattemessig bustad ved flytting frå Noreg.

Du må ta kontakt med skattemyndigheitene i det landet du flytter til, for å få vite om du skal betale skatt der.

Du skal betale kjeldeskatt på pensjonen/ uføreytinga fram til det tidspunktet du blir skattemessig busett i Noreg. Frå dette tidspunktet skal du skattleggjast etter dei vanlege reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. 

Les meir om reglane om skattemessig bustad ved flytting til Noreg.

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt dersom du ikkje har søkt om og fått eit skattekort med lågare trekkprosent eller eit frikort.

Dersom du har krav på skattefritak eller lågare skatt, må du sende ein søknad til Skatteetaten om frikort eller skattekort med eit lågare trekk. Du må òg leggje fram dokumentasjon som viser at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga din ikkje skal skattleggjast i Noreg.

Les meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Skattetrekket vil halde fram til søknaden din er handsama og utbetalaren har har  henta det nye skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Du får ei skattetrekksmelding med informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Du skal ikkje sende skattetrekksmeldinga til den som betalar ut pensjonen/uføreytinga.

Blir du ikkje trekt 15 prosent skatt av pensjonen/uføreytinga, må du ta kontakt med Skatteetaten og søkje om nytt skattekort.

 

Nei. Noreg har skatteavtalar med mange land. Skatteavtalene inneheld m.a. reglar om at du ikkje skal betale skatt av same inntekta både i Noreg og i bustadslandet. Kva land du skal betale skatt i varierer. Det går fram av kvar einskild skatteavtale.

Når pensjonen/uføreytinga skal skattleggjast i Noreg, er det bustadslandet som skal sørgje for at det ikkje finn stad dobbeltskattlegging. Dette kan gjerast anten ved at den norske pensjonen/uføreytinga ikkje blir skattlagd i heimlandet eller ved at det blir gjeve eit frådrag for den norske skatten ved skattlegging i heimlandet. Ta kontakt med skattestyresmaktene der du bur for meir informasjon.

Skatteplikta for pensjon/uføreytingar gjer deg ikkje særskilde rettar i Noreg. Det er ingen direkte samanheng mellom skatteplikta og tilgjenge til ulike offentleg finansierte gode og velferdstenester. Dette gjeld både for personar som bur i Noreg og personar som bur i utlandet.

Retten til helsetenester o.a. frå NAV avheng av medlemskap i folketrygda. Du blir ikkje medlem i folketrygda fordi du betalar skatt til Noreg.

Alle spørsmål som gjeld trygdeavgift og medlemskap i folketrygda må du ta opp med:

NAV Medlemskap og avgift
Postboks 6600 Etterstad
0607 OSLO

eller på telefon 21 07 37 00

Norsk pensjon/uføreyting er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg sjølv om du er skattemessig busett i utlandet. Det let seg ikkje gjere å gje eit generelt svar på om du har krav på fullstendig eller delvis skattefritak. Dei mest aktuelle grunnlaga for lågare skatt enn 15 prosent er:

  • Pensjonen/uføreytinga er heilt eller delvis skattefri etter skatteavtalen med landet du bur i.
  • Pensjonar og uføreytinga frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar er skattefrie når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i folketrygda. 
  • Du kan ha krav på lågare skatt enn 15 prosent dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.
  • Det skal ikkje betalast kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Les meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Du kan i utgangspunktet ikkje velje å betale skatt etter dei reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Kjeldeskatten på pensjon/uføreytingar er ein flat skatt på 15 prosent. Det blir ikkje gjeve frådrag i inntekta.

Dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og blir skattlagd i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di, kan du krevje å få skatten rekna ut etter dei same reglane som gjeld for personar som er busette i Noreg. Låge pensjonar/uføreytingar, som er ikkje blir skattlagt for personar som er busette i Noreg, vil då òg bli skattefrie for personar som bur i eit anna EU/EØS-land. Det gjeld ulike vilkår for rett til generelle frådrag, frådrag for gjeldsrenter, skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar og nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing.

Les meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Nei, heile pensjonen/uføreytinga er skattepliktig. Der er ikkje noko fribeløp.

Har du krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med landet der du er busett, kan du ta kontakt med Skatteetaten og søkje om eit frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Det same gjeld dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og du blir skattlagd i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di.

Du må dokumentere at du oppfyller vilkåra for skattefritak eller lågare trekk enn 15 prosent.

Du kan ha krav på utvida frådrag viss du er busett i ein EØS-stat og inntekta i bustadstaten er for låg til at du får utnytta retten til personlege frådrag der.

Les meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

For mykje trekt skatt vil i utgangspunktet bli betalt tilbake ved skatteoppgjeret neste år.

Når du får fritak for trekk i heile pensjonen/uføreytinga fordi du ikkje skal betale skatt i Noreg av pensjonen din, kan du søkje om å få betalt ut den skatten som allereie er trekt.

Når du søkjer om trekkfritak eller lågare trekk enn 15 prosent for første gong, må du

  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence).

Bustadsattesten skal vere utferda av skattestyresmaktene i det landet du bur i og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Stadfestinga må vere i original og ikkje meir enn tre månader gammal.

Du må òg leggje fram annan dokumentasjon der det er naudsynt.

Les meir om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2021 som ikkje var skattepliktig og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2022, treng du ikkje å søkje om frikort for 2023. Skatteetaten skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga hentar det nye skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Du får ei skattetrekksmelding med informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Du skal ikkje sende skattetrekksmeldinga til den som betalar ut pensjonen/uføreytinga.

Meiner du at skattekortet er feil, må du søkje om nytt skattekort.

Flytter du frå det landet der du bur eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der, må du søkje om nytt skattekort.

Du får tilsendt skattemeldinga i mars–april kvart år.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og opplyse kva for beløp som er skattepliktig i Noreg. Du skal ikkje setje beløpet til 0 kroner, men merke det fritatte beløpet som «ikkje skattepliktig kjeldeskatt på pensjon.» Mottar du fleire pensjonar, må dette vurderast for kvar einskild pensjon.

Er berre ein del av pensjonen fritatt, må kortet for denne (tidlegare kalla «post») splittast, slik at du høvesvis kan opplyse om dei enkelte pensjonsdelane er skattepliktige eller fritatte.

Leverer du ikkje skattemeldinga, blir ho rekna for å vere levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Du vil då få 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld òg når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Skatteetaten kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har rett til skattefritak i Noreg.

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april.

Skattemeldinga blir sendt ut i mars/april året etter inntektsåret. Dersom du ikkje har fått skattemeldinga innan 15. april, kan du ta kontakt med Skatteetaten og be om å få tilsendt skattemeldinga på nytt.

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

Telefon frå utlandet  +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg  800 80 000

Sende melding:  Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.

Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.

Alle som betaler kjeldeskatt på pensjon/uføreytingar, får skatteoppgjeret seinast i løpet av hausten.

Når du har fått ny adresse i utlandet, må du gje Skatteetaten skriftleg melding om den nye adressa.

Du må leggje ved ein kopi av gyldig legitimasjon som inneheld fødselsdato, namn, signatur og bilete.

Når du har skifta namn i utlandet, må du fylle ut skjemaet for namneendring og sende det til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

 

Du må leggje ved dokumentasjon frå styresmaktene i bustadslandet ditt som viser det nye namnet. 

Skriftlege førespurnader om kjeldeskatt på pensjon/uføreytingar og originaldokument skal sendast til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO

 

Hugs å føre på saksnummer eller fødselsnummer/D-nummer.

E-post: Du kan ikkje bruke e-post, men send ei melding i Altinn.

Skattemeldinga med vedlegg skal sendast til:

Skatteetaten
Postboks 4305
8608 Mo i Rana