Skjema RF-1365

Tilbakebetaling av avgift for privatpersonar og uregistrerte firma

Du kan søkje om å få tilbakebetalt meirverdiavgift viss du er privatperson eller søkjer for eit firma som ikkje er mva-registrert.

Du kan søkje om å få tilbake pengar for varer du importerer til Noreg, dersom vara er feilsendt, feilbestilt eller ikkje vart levert som avtala. Dette gjeld også i dei tilfella der du har innført ei vare mellombels, fordi du har leigd eller lånt vara frå stader utanfor Noreg.

Vara du har kjøpt, må gjenutførast frå Noreg i uforandra stand.

Før du søkjer

Før du søkjer, er det nokre forhold du bør vere merksam på:

Viss det er gjort feil på innførselstidspunktet, må du sende søknad til  Tolletaten om å få tilbake meirverdiavgift. 

Dette gjeld til dømes viss 

  • du meiner at vara skulle ha vore avgiftsfri 
  • det er brukt feil valuta 
  • du har fått tilbakebetalt den utanlandske meirverdiavgifta 

Mva-registrerte verksemder skal i staden gjere endringar sjølv i mva-meldinga. 

Viss du har kjøpt varer i norske butikkar, som deretter blir eksportert/sendt til utlandet, må du kontakte butikken der du kjøpte vara. Dette gjeld både ved sal av varer til turistar og ved eksport av varer kjøpt i Noreg.*

Viss du har kjøpt ei vare via ein VOEC-registrert nettbutikk, skal du kontakte nettbutikken. 

Ein VOEC-registrert nettbutikk er ein nettbutikk som krev inn norsk meirverdiavgift på varer med verdi under 3 000 kroner. Du kan sjå ei liste over VOEC-registrerte nettbutikker. 

Dette gjeld mellom anna i dei tilfella der du  

  • har sendt ei vare i retur til nettbutikken, og er belasta med meirverdiavgift av både nettbutikken og ved innførsel  
  • meiner du har betalt for mykje meirverdiavgift i nettbutikken av ulike årsaker, til dømes når du meiner vara er fritatt mva, skulle hatt redusert sats, osv.

Viss varene er fortolla på ein annan enn du som søkjar, må du leggje ved ei skriftleg fullmakt med kopi av gyldig legitimasjon frå vedkommande som varene er fortolla på. Fullmakta må vise at du kan søkje og få tilbakebetalt meirverdiavgifta på vegner av vedkommande.

Slik søkjer du

Når du har avklart at du skal søkje tilbakebetaling av avgift, kan du sende ein søknad til oss.

Dette må du finne fram før du søkjer:

Du treng ein kopi av fakturaen.

Ein innførselsdeklarasjon er det einaste dokumentet som viser at vara er fortolla inn og at avgifta er betalt ved innførsel. Dette dokumentet inneheld eit unikt nummer som vi må ha for å kunne betale tilbake meirverdiavgifta i systemet vårt.

Du må kontakte speditøren (til dømes Posten, Bring, DHL, UPS, osv.) som gjorde fortollinga for deg for å få ein kopi av innførselsdeklarasjonen. Har varene blitt fortolla på ei samlefortolling (mange ulike mottakarar), kan speditøren gi deg den nødvendige dokumentasjonen på fortollinga. 

Viss det var Posten som stod for fortollinga, må du ta kontakt med Postens kundeservice.

Det er ikkje nok med kopi av kvitteringar/faktura frå speditøren.

Det er forskjellige krav avhengig av om vara er verd over eller under 5 000 kroner.

Vareverdi over 5 000 kroner

Det må liggje føre ein utførselsdeklarasjon ut av Noreg. Utførselsdeklarasjonen skal vere attestert av transportør/tollstyresmaktene i rubrikk B/C- Regnskapsmessige opplysninger/Avgangstollsted. Vi vil tilrå deg å kontakte speditøren (DHL, UPS, Posten osv.) som stod for transporten ut av Noreg, for å få ein eventuell kopi. Viss det var Posten som stod for transporten ut av Noreg, må du ta kontakt med Postens kundeservice.

Vareverdi 5 000 kroner og under

Når det gjeld privatpersonar og vareverdien ikkje overstig 5 000 kroner, kan annan dokumentasjon frå tredjepart som stadfestar at vara er sendt ut av landet bli godtatt. Det kan vere innførselsdeklarasjon frå mottakarlandet, stadfesting frå speditør eller kvittering frå Posten.

Dette kan dokumenterast med ei kontoutskrift, kreditnota eller ei anna form for stadfesting frå seljar.

Viss du søkjer om tilbakebetaling av meirverdiavgift på fleire varer, må beløpet eller kva varer det gjeld komme fram på dokumentasjonen slik at vi kan sjå kva varer som er med i søknaden. 

Når du har alle dokumenta klare, kan du logge inn for å sende søknaden til oss.

Logg inn og lever RF-1365:

Søk refusjon av merverdiavgift

Frist for å ta vara ut av Noreg igjen

Vara må gjenutførast frå Noreg innan eitt år etter at du tok ho inn i landet.

Du kan i særlege tilfelle få lengre frist. Du kan sende inn ein søknad om dette via Skatteetatens kontaktskjema. Søknaden må sendast til Skatteetaten før gjenutførselsfristen har gått ut.

Saksbehandlingstider

Saksbehandlingstida for søknader om tilbakebetaling av meirverdiavgift for uregistrerte, er 12 veker. Vi behandlar mottok søknaden. Saka må vere komplett med alle aktuelle vedlegg før vi kan behandle saka.

Kravet om at vara skal gjenutførast kan bli fråfalle dersom vara blir tilinkjesgjort/destruert under kontroll av eller etter avtale med Tolletaten. Du må i så fall kontakte Tolletaten.

Du har rett til delvis tilbakebetaling av meirverdiavgift betalt ved innførsel, viss det er ei vare som har vorte leigd eller lånt frå utlandet.  

At det er snakk om leigde eller lånte varer og ikkje til dømes eigne varer, må kunne dokumenterast.  

I slike tilfelle blir det gjort frådrag med fem prosent per månad eller del av månad rekna frå då vara kom inn i Noreg. 

Det må leggjast fram ein mellombels innførselsdeklarasjon og ein utførselsdeklarasjon som viser at varene er gjenutført. I tillegg må du leggje ved dokumentasjon, avhengig av om det er snakk om lån eller leige.

Ved lån  

Ved lån av ei vare frå utlandet må det leggjast fram ein proformafaktura eller eit anna dokument frå långivar som stadfestar lånet. Statistisk verdi på vara som er lånt må gå fram av dokumentet då det er denne verdien som skal danne grunnlaget for berekning av meirverdiavgift. 

Ved leige  

Ved leige av ei vare frå utlandet, vil utanlandsk utleigar skrive ut ein faktura som dokumenterer leiga. Statistisk verdi må komme fram av fakturaen sidan denne verdien skal danne grunnlaget for berekning av meirverdiavgift.  

Ved ettersending av dokumentasjon til ein allereie innsend søknad, skal du bruke Skatteetatens kontaktskjema. Legg inn saksnummeret du fekk ved den første søknaden. Deretter vel du "Særavgifter" under tema og "Annet" under undertema. På denne måten vil Skatteetaten raskt få tilgang på den nye dokumentasjonen.

Viss du ønskjer å få tilbake toll, må du sende søknad til Tolletaten.

 

Privatpersonar eller firma som ikkje er registrerte for ei særavgift men ønskjer tilbakebetaling av ulike årsaker, skal sende søknaden til Skatteetaten via Skatteetatens kontaktskjema.