Kontakt oss
Lurar du på noko, er du velkomen til å kontakte oss.
Opningstida vår er 09:00–15:00 alle kvardagar.
No lurer mange på dette
Etter at skattemeldinga di er levert, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. Dei fleste får skatteoppgjeret i juni. Nokon får det tidlegare, medan andre får det mellom august og november.
Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.
Restskatt
Dersom du har fått restskatt, vil du få ein faktura med betalingsinformasjon i god tid før betalingsfristen. Du kan også velje å betale heile eller delar av restskatten før du får faktura.
Betaler du seinast 31. mai, slepp du å betale renter.
Dersom du har fått restskatt, er det vanlegvis fordi det har blitt trekt for lite skatt i løpet av året. For å unngå restskatt til neste år, bør du sjekke tala i skattekortet for 2024. Du må endre skattekortet dersom tala er feil.
Pengar til gode
Dersom du har pengar til gode, blir dei utbetalte etter at skatteoppgjeret ditt er klart. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.
For at du skal få utbetalt pengar frå Skatteetaten, må vi ha eit kontonummer. Sjekk at du har registrert eit kontonummer, og at dette stemmer.
Du kan sjekke kva frådrag du har rett til med å bruke rettleiinga i frådragsrettleiaren vår.
Dersom du har lån saman med andre, blir lån og renter på lån fordelte likt mellom dykk.
Dersom du har selt eller arva bustad, eller du leiger ut bustad, må du sjekke om du skal leggje dette til i skattemeldinga di. Sjekk rettleiinga for å finne ut kva som gjeld for deg:
Formuesverdien på bustaden din blir berekna basert på område, areal, byggjeår og type bustad. Sjekk at opplysningane om bustaden stemmer. Dersom du meiner at formuesverdien er for høg, kan du setje han ned, men då må du leggje ved takst, verdivurdering eller liknande.
Dersom formuesverdien manglar i skattemeldinga, må du sjølv leggje til opplysingar om areal og byggjeår. Meir informasjon om formuesverdi for ulike bustader og eigedommar.
Chat med oss
Du kan skrive til chat-roboten vår. I opningstida kan du òg gå vidare og be om å snakke med ein rettleiar.
Ring oss
Hovudnummeret vårt er 800 80 000.
Når du ringer oss på 800 80 000, gir me deg nokre tasteval. Du treng ikkje vente til alle talemeldingane er lese opp før du trykker deg vidare.
1 Skattemelding, skatteoppgjer og andre skattespørsmål
1-1 Privatperson
1-2 Personlig næringsdrivande
1-3 Aksjeselskap og andre verksemder
1-4 Revisor, rekneskapsførar eller advokat
2 Skattekort og forskotsskatt
3 Flytting, ekteskap, namn og andre folkeregisterspørsmål
4 A-ordninga
5 Meirverdiavgift
6 Køyretøy, omregistreringsavgift, vektårsavgift, vrakpant, tollkreditt og andre særavgifter
Frå utlandet ringer du +47 22 07 70 00.
For bidragskrav og andre krav frå Nav, Helfo og Garantikassa for fiskarar, ringer du 21 05 11 00.
Skriv til oss
Viss du må kontakte oss skriftleg, må du logge deg inn. Du kan ikkje sende e-post til oss.
Viss du skal sende oss brev i posten, bruker du adressa:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Skal du sende oss noko, må du logge deg inn og sende ei melding i Altinn:
Postadresse
Hvis du skal sende oss noe på papir, send det til:
Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav
9917 Kirkenes
Besøk oss
Du må bestille time. Du kan berre bestille time for tenester som krev personleg frammøte.
Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav (tidligere NAV innkreving)
Registerinfo (Serviceenhet for byggenæringen)
Sekretariatet for Skatteklagenemnda
Servicesenter for utenlandske arbeidstakere (SUA)
Skatteinnkreving kildeskatt pensjon
Spør oss på Facebook
Saksbehandlingstider
Vi behandler førespurnaden eller søknaden din så raskt som mogleg.
Sjå forventa svartid.
Bestill attest
Det kan vere mange grunnar til at du treng ein attest eller ei utskrift. Ved å svare på nokre raske spørsmål, får du hjelp til å bestille rett attest for behovet ditt.
Klage til Skatteetaten
Korleis du skal gå fram for å klage, avheng av kva du skal klage på. I mange tilfelle kan du nå endre sjøl i staden for å klage.