Om skattemeldinga

Dersom du har hatt arbeidsinntekt i året som var, får du tilsendt skattemeldinga i mars/april. Viss du ikkje har fått ho innan midten av april, må du kontakte oss.

Tala i skattemeldinga er grunnlaget for utrekninga av kor mykje du skal betala i skatt og avgift.

Hugs alltid å kontrollere tala i skattemeldinga. Dersom alt stemmer og du ikkje gjer endringar, treng du ikkje å sende inn. Viss du har endringar, loggar du deg inn og gjer dei naudsynte endringane direkte i skattemeldinga.

Saman med skattemeldinga di får du ei førebels skatteutrekning. Dersom du finn ut at du har betalt for lite skatt, kan du betale eit tilleggsforskot innan 31. mai året etter arbeidsåret. Då slepp du restskatt og renter.