Sokkelarbeidarar som er busette i utlandet

Sokkelarbeidarar som er busette i utlandet og arbeider i petroleumsverksemd på norsk sokkel, kan skattleggjast i Noreg dersom arbeidet fell inn under petroleumsskattelova. Skatteplikta kan vere avgrensa ved skatteavtale.

Her finn du informasjon om kva du må gjere for å betale rett skatt til Noreg.

Skattekort

Alle som arbeider på norsk sokkel, må ha skattekort.

Skattekortet er eit elektronisk dokument som viser kor mykje skatt arbeidsgivaren din skal trekkje før lønna blir utbetalt til deg. Beløpet som arbeidsgivaren din trekkjer, blir kalla skattetrekk eller forskotstrekk. Dette er berre ei førehandsbetaling av skatten som skattestyresmaktene går ut frå at du skal betale. Den endelege utrekninga av skatten skjer vanlegvis etter at kalenderåret er omme.

Skattekortet gjeld for eitt inntektsår (kalenderår).

Døme:

Dersom du arbeider på norsk sokkel frå 1. november 2018 til 30. mars 2019, får du først eit skattekort for månadene november og desember 2018. Deretter får du eit nytt skattekort for månadene januar, februar og mars 2019.

Viss du har norsk arbeidsgivar, kan du få skattekort på to måtar:

Viss du har utanlandsk arbeidsgivar, får du skattekort ved at arbeidsgivaren din rapporterer arbeidsforholdet ditt til Skatteetaten.

Etter å ha fått beskjed om arbeidsforholdet, sender vi deg ei skattetrekkmelding med informasjon om skattekortet ditt. Du treng ikkje levere dette til arbeidsgivaren din, då vedkomande sjølv hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten elektronisk ved hjelp av d-nummeret ditt.

Du må ha skattekort sjølv om du meiner at du ikkje er skattepliktig til Noreg. Dermed må du vere sikker på at arbeidsgivaren din trekkjer skatt frå lønna di.

Viss det er sannsynleg at inntekta di ikkje er skattepliktig, kan arbeidsgivaren din søkje om ikkje å trekkje skatt frå lønna di. Viss arbeidsgivaren din ikkje får fritak frå å trekkje skatt frå lønna di, må vedkomande trekkje skatt sjølv om du meiner at du ikkje er skattepliktig til Noreg.

Som sokkelarbeidar treng du ikkje å møte til ID-kontroll for å få eit skattekort

Viss Skatteetaten vurderer at du oppfyller vilkåra for skattekort, får du tildelt eit norsk d-nummer. Dersom du allereie har eit d-nummer, skal du bruke dette. Les meir om d-nummer.

Kva skjer om du ikkje har eit skattekort?

Dersom du ikkje har eit skattekort, pliktar arbeidsgivaren din å trekkje 50 prosent av inntekta di. For januar månad kan arbeidsgivaren din nytte skattekortet ditt frå året før. Arbeidsgivaren din betaler inn skattetrekket for deg til skattestyresmaktene. Dersom det blir betalt inn for mykje skattetrekk for deg, får du tilbake dette når skatteoppgjeret ditt kjem.

Har du fleire arbeidsgivarar?

Viss du har fleire arbeidsgivarar, er det viktig at du gjer desse merksame på kven som er hovudarbeidsgivar (der du tener mest), og kven som er biarbeidsgivar(ar). Slik sikrar du rett skattetrekk.

Endre skattekort eller forskotsskatt.

Finn ut kva arbeidsgivarar som har henta skattekortet ditt.

Skattemeldinga

Dersom du jobbar på norsk kontinentalsokkel, får du i mars/april ei ferdig utfylt skattemelding frå Skatteetaten. Skattemeldinga er ei oversikt over inntekter og frådrag for eitt kalenderår. Oversikta er basert på opplysningane som var registrerte på deg per 31. desember i det aktuelle kalenderåret.

Les meir om skattemeldinga.

Her er ei oversikt over dei vanlegaste frådraga du kan ha rett på som arbeidstakar på norsk sokkel. Desse frådraga kan du føre opp i skattemeldinga di.

Personfrådrag

Personfrådraget er eit generelt botnfrådrag i alminneleg inntekt. Du får personfrådrag automatisk. Du kan ikkje sjå dette på skattemeldinga, men det er teke med i grunnlaget for utrekninga av skatten din.

Minstefrådrag

Minstefrådrag er eit standardfrådrag for alle som har inntekter. Summen er fylt ut automatisk ut frå inntektsopplysningar som er rapporterte inn på deg.

Tolvdelar (tal på månader)

Dersom du har vore skattepliktig som busett i Noreg etter norsk intern rett berre ein del av året fordi skatteplikta tredde i kraft eller tok slutt i løpet av året, eller dersom du er avgrensa skattepliktig til Noreg, må du sjekka at du er ført opp med rett tal på tolvdelar i skattemeldinga. 

Talet på tolvdelar vil påverke mellom anna storleiken på minstefrådraget, personfrådraget og trinnskatten. Les meir om utrekninga av tolvdelar.
Du legg inn talet på månader (tolvdelar) og talet på dagar i skattemeldinga di.

Standardfrådraget er eit generelt inntektsfrådrag for utanlandske arbeidstakarar. Frådraget er 10 prosent av brutto arbeidsinntekt, med ei øvre grense på kr 40 000. Ver merksam på at ein del andre frådrag fell bort dersom du vel standardfrådrag.

Du kan krevje standardfrådrag dersom du ikkje er skattemessig busett i Noreg. Personar som arbeider på norsk sokkel og bur i utlandet, er ikkje skattemessig busette i Noreg. Dei har difor alltid rett på standardfrådrag.

Dersom du krev 10 prosent standardfrådrag, kan du ikkje i tillegg krevje frådrag for til dømes meirutgifter til kost, losji og reise. Dersom arbeidsgivaren din har dekt utgiftene dine til kost, losji og reise, og du samstundes har kravd standardfrådrag, vil utgiftene vere skattepliktige.

Viss både du og ektefellen din har krav på standardfrådrag, kan du berre krevje standardfrådrag viss også ektefellen din gjer det.

Du må sjølv krevje frådraget i skattemeldinga di. Les meir om standardfrådrag.

Dersom du må overnatte heimanfrå i samband med jobb, kan du ha krav på frådrag for dei ekstra kostnadene du har hatt til kost, losji og besøksreiser. Dette føreset at det er snakk om ein ekstra kostnad, og at denne ikkje er dekt av arbeidsgivaren din.
Dersom du vel å krevje pendlarfrådrag, kan du ikkje samstundes krevje standardfrådrag for utanlandske arbeidstakarar.

Kost og losji

Dersom du må overnatte ein annan stad enn heime på grunn av jobben din, kan du ha krav på frådrag for meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) med meir. Du må føre frådraget i skattemeldinga di.

Dersom arbeidsgivaren din har dekt kosten din (fri kost), er det ikkje skattepliktig dersom du har tent mindre enn kr 600 000. Dersom du har tent meir enn kr 600 000, er fri kost skattepliktig.

Frådrag for reiseutgifter

Du kan krevje frådrag for kostnader til reiser mellom heim og oppmøtestad/heliport som er over kr 22 700, opptil kr 97 000. Du har krav på frådraget uavhengig av dei reelle utgiftene du har hatt, eller kva transportmiddel du har brukt. Frådraget blir rekna ut etter reiseavstand. Du må føre frådraget i skattemeldinga di.

Dersom du har brukt fly på besøksreise, kan du velje å krevje frådrag for faktiske kostnader i staden for avstandsfrådraget. Kostnaden må dokumenterast med billett, kvittering eller annan dokumentasjon frå flyselskapet.

Sjekk om du er pendlar og kva frådrag du har krav på.

Dersom arbeidsgivaren din har dekt kostnadene til kost, losji eller reise, kan du ikkje samstundes krevje frådrag for desse utgiftene.

Yrkesreise (tenestereise)

Yrkesreiser er reiser mellom helikopterbasen og skip/sokkelinstallasjonen. Arbeidsgivaren din dekkjer kostnadene til yrkesreiser. Du kan difor ikkje krevje frådrag for kostnadene til desse reisene.

Dersom du oppfyller vilkåra for å vere pendlar, blir også første og siste reise mellom heim og helikopterbase rekna som yrkesreise. Dersom du byter arbeidsforhold, vil du få ei ny første og siste reise som blir rekna som yrkesreise. Dette kan vere aktuelt for mellom andre servicearbeidarar som ikkje går i fast rotasjon.

Dersom du har utvida frådragsrett, kan du ha rett på frådrag for rentene du har betalt på låna dine i løpet av inntektsåret. Les meir om frådrag for gjeldsrenter

Dersom du har utvida frådragsrett, kan du krevje foreldrefrådrag for dokumenterte kostnader til pass og stell av heimeverande barn som er under 12 år i inntektsåret.

Følgjande krav må vere oppfylte:

  • Den verkelege heimen din må liggje i ein annan EØS-stat.
  • Dersom du er avgrensa skattepliktig, må 90 prosent av den samla inntekta til familien vere skattepliktig til Noreg.

Du kan få foreldrefrådrag med inntil kr 25 000 for eitt barn. Du får i tillegg kr 15 000 for kvart ytterlegare barn. Les meir om foreldrefrådrag.

Dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og er avgrensa skattepliktig til Noreg, kan du krevje å bli skattlagd som viss du hadde vore skattemessig busett. Føresetnaden er at minst 90 prosent av inntekta di frå arbeid, pensjon, uførestønad eller verksemd blir skattlagd i Noreg.

Dette inneber at du kan krevje dei fleste ordinære frådrag. Du har mellom anna rett til fullt minstefrådrag/personfrådrag som elles blir avgrensa ut frå kor lenge du har opphalde deg i Noreg i inntektsåret. Du kan også ha rett på mellom anna foreldrefrådrag for pass og stell av barn.

Dersom du er gift, skal også inntekta til ektefellen din takast med i vurderinga av om minst 90 prosent av inntekta blir skattlagd i Noreg. Dersom du har felles barn med sambuar, skal inntekta til sambuaren din takast med dersom du krev foreldrefrådrag.

Du må dokumentere at minst 90 prosent av inntekta di (inkludert inntekta til ektefellen din) blir skattlagd i Norge.

 

Les meir om skatteoppgjer.