Arbeidsinntekt til barn under 13 år

  • Skriv ut

Barn under 13 år kan tene inntil 10 000 kroner skattefritt i eit inntektsår.

Frikortgrensa på 10 000 kroner i løpet av eit år gjeld uavhengig av om inntektene er tente hjå ulike arbeidsgivarar. Skattefritaket gjeld berre løn for faktisk arbeid som barnet sjøl utfører. Det vil si ein konkret arbeidsprestasjon. Passive honorar, som til dømes reklamefotografering av spedbarn,er skattepliktige og skal skattleggjas hos barnets foreldre.

Arbeidsinntekt over 10 000 kroner

Dersom barnet tener meir enn 10 000 kroner, er den overskytande inntekta skattepliktig. Då må den liknast på vanleg måte saman med foreldra si inntekt, med ein halvpart på kvar av foreldra dersom ikkje foreldra vel annan fordeling. Dersom foreldra ikkje bur saman, skal barnet si inntekt som hovudregel tilordnast den av foreldra som barnet er registrert busett saman med i folkeregisteret.

Skattekort for barn under 13 år

Barnet si inntekt blir summert saman med foreldra si inntekt og det blir rekna ut prosentskattekort for barnet.

Bestill frikort eller skattekort

Dersom du skal bestille frikort eller skattekort til barn under 13 år, kan du sende oss ein e-post med opplysningar om barnets navn, fødselsdato, inntekt (max kr 10 000), opplysningar om navn og ev. organisasjonsnummer på arbeidsgivar/oppdragsgivar samt beskrivelse av arbeidet. For å bestille frikort elektronisk må ho/han fylle 13 år i inntektsåret.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.