Dato for utleggstrekk utanfor perioden du rapporterer for
F528 / MAGNET_EDAG-528
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein dato for utleggstrekk som er tidlegare eller seinare enn perioden du rapporterer for.
Feilmeldinga kan skuldast at:
- du har oppgitt feil dato for utleggstrekk
- du har rapportert dato for utleggstrekk på forskot eller i etterkant
- du har prøvd å korrigere tidlegare rapportert utleggstrekk
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for levering av a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Øyeblikkeleg
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Sjekk om du har oppgitt feil dato for utleggstrekk.
- Er datoen feil, oppgi rett dato for utleggstrekk.
- Når du har retta feilen, send inn a-meldinga. Brukar du eit lønnssystem, sjekk med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.