Ei melding som er erstatta, kan ikkje erstattast ein gong til
F166B / MAGNET_EDAG-166B
Kvifor denne feilmeldinga
A-meldinga er allereie erstatta.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- prøvd å erstatte ei a-melding som allereie er erstatta av ei anna melding
- ein feil i lønnssystemet
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn ut kva for ei a-melding du skal erstatte.
- Dersom meldinga du skal erstatte allereie er erstatta, og det er feil i den siste meldinga du sende inn, så er det den siste meldinga som må erstattast (sjå døme nedanfor).
A-meldinger sendt inn for ein månad Korleis mottakssystemet tolkar dette A-melding 1 A-melding 1 A-melding 2 som erstatning for a-melding 1 A-melding 2 erstattar a-melding 1 A-melding 3 som erstatning for a-melding 1 A-melding 3 blir avvist sidan a-melding 1 allereie er erstatta. A-melding 2 blir beheldt.
A-melding 3 blir avvist med feilmelding: F166B / MAGNET_EDAG-166BSlik gjer du om du skulle erstatte a-melding 2
A-meldingar sende inn for ein månad Korleis mottakssystemet tolkar dette Send a-melding 3 som erstatning for a-melding 2 A-melding 3 Slik gjer du om du skulle sende tillegg til a-melding 2
A-meldingar sende inn for ein månad Korleis mottakssystemet tolkar dette Send a-melding 3 A-melding 2 og a-melding 3
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein butikk har sendt inn a-melding for juni (meldingsID 20). Ho inneheld feil og dei sender ei a-melding som erstattar ei tidlegare melding (meldingsID 30). Erstatningsmeldinga (meldingsID 30) inneheld òg feil, og butikken sender ei ny a-melding som erstattar den opphavlege a-meldinga (meldingsID 20).
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-166B fordi dei med den siste erstatningsmeldinga (meldingsID 40) prøver å erstatte den opphavlege a-meldinga (meldingsID 20) som allereie er erstatta.
Butikken sender ei erstatningsmelding med meldingsID 40: | |
MeldingsID |
40 |
Erstattar meldingsID | 30 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.