Feil meldingsID
F181 / MAGNET_EDAG-181
Kvifor denne feilmeldinga
Du har brukt den same meldingsID-en som i ei tidlegare a-melding i same månad.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- prøvd å sende ei a-melding som du har sendt tidlegare
- tasta inn feil meldingsID i a-meldinga
- ein feil i lønnssystemet
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Før opp ein ny unik meldingsID dersom denne er feil.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.
Døme – same ID på to a-meldingar
Eit sjukehus sender ei a-melding for mai som er identisk med ei a-melding med same meldingsID (meldingsID 40) dei har sendt tidlegare for same månad.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-181 fordi det er same meldingsID på dei to a-meldingane for mai (meldingsID 40). Dei skulle eigentleg ha sendt ei ny a-melding.
Dei sender rett a-melding: | |
MeldingsID | 50 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.