Innsendinga inneheld inga a-melding
F267 / MAGNET-000001
Kvifor denne feilmeldinga
A-meldinga du har sendt inn er tom.
Feilmeldinga kan kome av at du
- har ein feil i lønnssystemet
- sjølv har laga ei a-melding og den er tom
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Har du eit lønnssystem, kontaktar du lønnssystemleverandøren for å få hjelp til å rette feilen.
- Har du laga fila sjølv, må du leggje ved ei a-melding i innsendinga. Sjå i dokumentasjonen som du finn på informasjonssida for sluttbrukarsystem.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga.