Lønnsutbetalingsdato utanfor perioden du rapporterer for
F527 / MAGNET_EDAG-527
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein lønnsutbetalingsdato som er tidlegare eller seinare enn perioden du rapporterer for.
Feilmeldinga kan skuldast at:
- du har oppgitt feil lønnsutbetalingsdato
- du har rapportert lønnsutbetalingsdato på forskot eller etterskot
- du har prøvd å korrigere tidlegare rapportert forskotstrekk på feil periode
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for levering av a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorlegheitsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil.
Slik rettar du
- Sjekk om du har oppgitt feil lønnsutbetalingsdato
- Er datoen feil, oppgi rett lønnsutbetalingsdato
- Når du har retta feilen, send inn a-meldinga. Brukar du eit lønnssystem, sjekk med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.