Opplysningar om mønstringsperiode manglar
F519B / MAGNET_EDAG-519B
Kvifor denne feilmeldinga
Du oppgav ein mønstringsperiode i førre månad som du ikkje har teke med for denne månaden..
Du skal ta oppatt mønstringsperioden kvar månad. Det er først når du har oppgitt avmønstringsdatoen på mønstringsperioden, og avmønstringsdatoen er passert, at du ikkje skal ta det oppatt fleire gonger.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- gløymt å oppgi i mønstringsperioden i denne a-meldinga
- gløymt å setje avmønstringsdato
- ført opp to eller fleire mønstringsperiodar førre månad på ein tilsett som berre har ein, og du har gløymt å annullere dei andre mønstringsperiodane
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du opp
- Finn mønstringsperioden som manglar i a-meldinga. Dette er ein mønstringsperiode som du ikkje har oppgitt avmønstringsdato på. Du finn kva for ein mønstringsperiodeId feilen gjeld i Tilbakemeldinga A03.
- Før opp mønstringsperioden som ikkje er avslutta, eller før opp avmønstringsdatoen på mønstringa dersom den tilsette har mønstra av.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme 1 - Gløymt å gjenta mønstringsperiode
Eit rederi leverer a-melding for februar med opplysningar om ein mønstringsperiode til Henrik som starta 20.februar. A-meldinga for mars inneheld ingen opplysningar om denne mønstringsperioden til Henrik.
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-519B fordi opplysningar om mønstringsperioden til Henrik manglar i a-meldinga for mars.
|
Rederiet fører opp desse opplysningane om mønstringsperioden til Henrik: |
|
|
|
FartøysID |
turistskip4 |
|
|
MønstringsperiodeID |
turistskip4periode1 |
|
|
Påmønstringsdato |
20.februar |
|
|
Avmønstringsdato |
|
|
|
|
Yrkeskode per mønstring |
8141110 |
|
|
Antall timer per yrkeskode per mønstring |
|
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme2 - Gløymt å setje sluttdato på ein mønstringsperiode som er avslutta
Eit brønnbåtselskap sender a-melding for september med opplysningar om mønstringsperioden til Stine. Stine avslutta mønstringsperioden 25. september, men bønnbåtselskapet har gløymt å sende inn avmønstringsdato. A-meldinga for oktober inneheld ikkje opplysningar om mønstringsperioden til Stine.
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-519B fordi opplysningar om mønstringsperioden til Stine manglar i a-meldinga for oktober.
|
Brønnbåtselskapet fører opp desse opplysningane om mønstringsperioden til Stine: |
|
|
|
FartøysID |
Brønnbåt2 |
|
|
MønstringsperiodeID |
Brønnbåt2periode9 |
|
|
Påmønstringsdato |
1.september |
|
|
Avmønstringsdato |
25.september |
|
|
|
Yrkeskode per mønstring |
3141109 |
|
|
Antall timer per yrkeskode per mønstring |
120 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.