Opplysningar om permisjon manglar
F517 / MAGNET_EDAG-517
Kvifor denne feilmeldinga
Frå august 2025 skal du gi opplysningar om ein permisjon er lønt eller ulønt.
Du har ikkje oppgitt om permisjonen er lønt eller ulønt.
Feilmeldinga kan skuldast at du har:
- gløymt å gi opplysningar om permisjonen er lønt eller ulønt
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du opp
- Sjekk kva for ein inntektsmottakar som manglar opplysningar om permisjonen er lønt eller ulønt, og angi om permisjonen er lønt eller ulønt.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt syste
Døme
Eit reisebyrå sender a-melding for mai med opplysningar om permisjonen til Ahmed.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-517 fordi opplysningar om permisjonen er lønt eller ulønt manglar.
|
Reisebyrået oppgir opplysningane som manglar for Ahmed: |
|
|
Permisjon: Lønt Ulønt |
Lønt |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.