Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding
  3. Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG)

Startdato for arbeidsforholdet er endra frå førre rapportering

  • Oppdatert: 11.01.2024

F110 / MAGNET_EDAG-110

    Kvifor denne feilmeldinga 

    Du har ført opp ein annan startdato på arbeidsforholdet enn startdatoen du oppgav førre månad.


    Feilmeldinga kan kome av at:

    • du har oppgitt feil startdato
    • du har endra startdatoen fordi den tilsette har endra yrke eller stillingsprosent. Startdato skal berre referere til datoen når personen starta i arbeidsforholdet, ikkje til endringar i innhaldet i jobben
    • arbeidstakaren har jobba for deg tidlegare og du har brukt den same arbeidsforholdsID-en som førre gongen du gav opplysningar om arbeidstakaren (då har du i tilfelle "overskrive" den førre startdatoen og dette må rettast, ettersom det er snakk om to ulike arbeidsforhold etter kvarandre)

     

    Må du rette

    A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.

    Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.

    Alvorsgrad: Retningslinje

    Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil

     

    Slik rettar du

    1. Kontroller om du har oppgitt feil startdato på arbeidsforholdet.

    2. Er startdatoen feil, før opp rett startdato på arbeidsforholdet.

    3. Dersom du har brukt oppatt ein arbeidsforholdsID, blir opplysningar du har oppgitt tidlegare overskrive. Du må då oppgi det siste arbeidsforholdet på ein NY arbeidsforholdsID (tilrår å gjere dette med ei erstatningsmelding).

    4. Dersom det har skjedd ein reell endring av startdato, treng du ikkje gjere noko.

    5. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

    6. Det er nok at du rettar feilen på siste innsende a-melding. Du treng ikkje å rette a-meldingar tilbake i tid.

     

    Døme 1 – startdatoen er feil

    Ein frisørsalong sender a-melding for mai der startdato for arbeidsforholdet til Kari er 1. mai. I a-melding for juni oppgir dei at startdatoen er 12. mai.

    Frisørsalongen får feilmeldinga MAGNET_EDAG-110 fordi startdatoen er endra. 12. mai er feil startdato, det skulle ha vore 1. mai.

    Frisørsalongen endrar startdato for Kari til:
    Startdato for arbeidsforholdet 1. mai

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    Døme 2 – startdatoen er enda

    Eit serviceselskap sender a-melding for august med opplysningar om at startdato for arbeidsforholdet til Anna er 1. august. I a-melding for september oppgir dei at startdatoen er 12. august. Det var opphavleg avtalt at Anne skulle starte 1. august, men avtalen blei endra til 12. august.

    Serviceselskapet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-110 fordi startdatoen er endra.

    Dei trent ikkje endre noko, ettersom startdatoen dei har oppgitt er rett.

    Døme 3 – stillingsprosenten er endra og startdatoen er feil

    Per byrja å jobbe i ein butikk den 15. september. Den 1. november endrar han stillingsprosent frå 20 til 100 prosent.

    I a-melding for november oppgir butikken ved ein feil 1. november som startdato for arbeidsforholdet.

    Butikken endrar opplysningar om Per til:
    Startdato for arbeidsforholdet 15. september
    Siste dato for endring av stillingsprosent 1. november

    Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare. I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    Døme 4 – gjenbruk av arbeidsforholdsID

    William jobba i ein butikk frå januar til mai. Arbeidsforholdet blei rapportert med arbeidsforholdsID x. Butikken oppgav sluttdato for arbeidsforholdet til William i mai.

    I september byrjar William å jobbe i den same butikken att. Dei oppgir ein ny startdato på arbeidsforholdet til William, men brukar den same arbeidsforholdsID-en som dei brukte frå januar til mai, altså x. 

    Butikken får feilmeldinga MAGNET_EDAG-110 fordi startdatoen er endra. Dei skulle ha brukt ein ny arbeidsforholdsID.

    I a-meldinga for september oppgir dei ein NY arbeidsforholdsID og startdato for arbeidsforholdet som byrja i september.
    ArbeidsforholdsID y
    Startdato for arbeidsforholdet 1. september

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring