Ugyldig landkode
F116 / MAGNET_EDAG-116
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein landkode som er ugyldig. Du må bruke den internasjonale standarden ISO-3166.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- gløymt ein bokstav i landkoden
- skrive ein feil bokstav
- oppgitt ein landkode som ikkje eksisterer
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-meldinga i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller landkoden du har brukt og endre til ein gyldig kode. Du finn gyldige landkodar på ssb.no.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit transportselskap sender a-melding for mai med landkode AA (for Andorra) på internasjonal identifikasjon for Jose.
Dei får avvik MAGNET_EDAG-116 fordi AA ikkje er ein gyldig landkode. Gyldig landkode for Andorra er AD.
Transportselskapet endrar landkode til: | |
Landkode | AD |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.