Ugyldig meldingsID
F181E / MAGNET_EDAG-181E
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein meldingsID som ikkje er gyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du
- har ein feil i lønnssystemet
- sjølv har laga ei a-melding med ugyldig meldingsID
- har ført opp ein meldingsID som inneheld meir enn 150 teikn
- har ført opp eit teikn som ikkje er "standard alfanumeriske ascii-teikn" (a-z, A-Z, 0-9)
- har ført opp æøå eller mellomrom i meldingsID-en
- har ført opp ‘-‘ (minus) i meldingsID-en
- har ført opp ‘_‘ (understrek) i meldingsID-en
- har ført opp ‘.’ (punktum) i meldingsID-en
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Har du eit lønnssystem, kontaktar du lønnssystemleverandøren for å få hjelp til å rette feilen.
- Har du laga fila sjølv, tastar du inn den nye og rette meldingsID-en. Sjå i dokumentasjonen som du finn på informasjonssida for sluttbrukarsystem.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga.
Døme – ugyldig teikn i meldingsID
Eit arkitektbyrå har laga ei fil sjølv og sender inn a-melding med ein meldingsID som inneheld ein understrek (_).
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-181E fordi det er eit ugyldig teikn i ein meldingsID. Dei må føre opp ein ID utan underscore og sende på nytt.
Dei sender riktig meldingsID i a-meldinga: | |
MeldingsID | mai50 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.