Ugyldig uføregrad
F246 / MAGNET_EDAG-246
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein uføregrad som er ugyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- tasta feil grad
Merk!
Uføregraden må vere mellom 1 og 100 prosent. Uføregraden kan vere 0 prosent dersom beløpet er 0 kroner.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn ytinga oppgitt med feil og endre til rett uføregrad. Det er den siste uføregraden på ytinga som er send inn for månaden som gjeld.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – feil uføregrad
Eit pensjonsselskap sender ei a-melding med opplysningar om uførepensjon på 10 000 kroner for Lise med uføregrad 0 prosent. Dette er feil. Lise har ein uføregrad på 50 prosent.
Dei får tilbakemeldinga MAGNET_EDAG-246 fordi uføregraden ikkje er mellom 1 og 100 prosent.
Pensjonsselskapet endrar uføregraden for Lise til: |
|
Uføregrad | 50 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Det er den siste uføregraden som er send inn for månaden som gjeld. Beløpet på uførepensjonen har pensjonsselskapet sendt inn i ei tidlegare melding.