Ugyldig verdi (520I)
F520I / MAGNET_EDAG-520I
Kvifor denne feilmeldinga
Du har gitt opplysningar om permittering for ein månad før 2026-01. Opplysningar om permittering skal du oppgi som ein type permisjon fram til og med 2025-12.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt feil månad for a-meldinga
- oppgitt ei permittering for ein periode før 2026-01
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Fjern opplysning om permittering som eige element på a-meldingar før 2026-01, eller endre månad for når a-meldinga gjeld.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.