Ugyldig verdi
F522 / MAGNET_EDAG-522
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt opplysningar om forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato. Du kan ikkje oppgi opplysningar om forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato for perioden du leverte a-meldinga for.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- oppgitt feil månad for a-meldinga
- oppgitt forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato. Forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato kan du ikkje rapportere i periodar før 2026.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Fjern opplysning om forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato på a-meldingar før 2026, eller endre månad for når a-meldinga gjeld.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.