Ugyldig yrkeskode per mønstring
F519F / MAGNET_EDAG-519F
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein yrkeskode per mønstring som er ugyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- tasta eit feil nummer
- oppgitt ein kode som ikkje finst i yrkeskatalogen til SSB
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller yrkeskoden du har brukt og endre til eit gyldig nummer. Du finn gyldige yrkeskodar i Yrkeskatalogen på ssb.no.
Alle sju siffera må vere korrekte.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein skipsreiar sender a-melding for februar med opplysningar om yrkeskode per mønstring 3141000 for Kari som er maskinsjef på skipet.
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-519F fordi 3141000 ikkje er ein gyldig yrkeskode per mønstring.
|
Reiaren endrar yrkeskode for Kari til: |
|
|
Yrkeskode |
3141 113 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.