Ulogisk antal timar per veke som ei full stilling svarer til
F506/MAGNET_EDAG-506
Kvifor denne feilmeldinga
Ei normal arbeidsveke utgjer 37,5 eller 40 timar. Du har oppgitt under 25 eller over 45 timar.
Feilmeldinga kan komme av at du har tasta feil tal på timar.
Les meir om talet på timar per uke som ei full stilling svarer til.
Avlastar
Avlastar kan ha skriftleg avtale med arbeidsgivar om arbeidstid inntil 60 timar per veke. Har du fått feilmelding på avlastar som har avtale om arbeidstid på meir enn 45 timar per veke, kan du sjå bort frå feilmeldinga. Du treng ikkje å rette opp eller sende ny a-melding.
Dette gjeld arbeid som oppfyller plikta til kommunane etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 første ledd nr. 2 eller barnevernlova, når avlastinga skjer utanfor institusjon og avlastaren blir rekna som arbeidstakar etter arbeidsmiljølova § 1-8. Sjå eiga forskrift om arbeidstid for avlastere § 1.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette feilen innan fristen for levering av a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikt over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Sjekk at du har oppgitt rett tal på timar per veke som ei full stilling utgjer.
- Har du oppgitt feil, må du rette til det som er riktig.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du bruker eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren om du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
I arbeidskontrakten til Ellen står det at arbeidsveka hennar er 37,5 timar. Treningssenter AS sender a-melding for august og oppgir at 50 timar per veke svarer til ei full stilling.
Treningssenter AS får feilmeldinga MAGNET_EDAG-F506 då talet på timar er over 45.
Slik rettar dei feilen:
Treningssenter AS ser at dei skulle ha oppgitt tal på timar som står i arbeidskontrakten til Ellen. Dei rettar og sender inn ny a-melding.