Ulogisk periode for mønstring
F519 / MAGNET_EDAG-519
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein avmønstringsdato som er før påmønstringsdatoen til mønstringsperioden.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- ført opp feil påmønstringsdato
- ført opp feil avmønstringsdato
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgradar på feil
Slik rettar du
- Kontroller på- og avmønstringsdatoen du har oppgitt, og endre slik at påmønstringsdatoen kjem før avmønstringsdatoen.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit ferjeselskap sender a-melding for desember med opplysningar om arbeidsforholdet og mønstringsperiodane til Ola. Dei oppgir påmønstringsdato 1.desember 2025 og avmønstringsdato 23. november 2025.
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-519 fordi avmønstringsdatoen er før påmønstringsdatoen.
|
Ferjeselskapet endrar avmønstringsdatoen til Ola: |
|
|
Avmønstringsdato |
23.desember 2025 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.