Ulogisk periode for opphald på Svalbard og Jan Mayen
F245 / MAGNET_EDAG-245
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein startdato for opphald på Svalbard eller Jan Mayen som er etter sluttdatoen.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp feil startdato eller feil sluttdato
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller start- og sluttdatoen du har oppgitt, og endre slik at sluttdatoen kjem etter startdatoen.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – feil i dato
Ein butikk i Longyearbyen sender a-melding for mai med opplysningar om Lise sitt opphald på Svalbard. Dei fører opp startdato 20. mai og sluttdato 2. mai.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-245 fordi sluttdatoen er før startdatoen.
Butikken endrar datoane for Lise sitt opphald til: | |
Startdato for opphald på Svalbard | 2. mai |
Sluttdato for opphald på Svalbard | 20. mai |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.