Pensjon i dødsmånaden
Gjeld pensjonar som er utbetalt i dødsmånaden.
Kort om pensjon i dødsmånaden
Frå og med 2015 er det ikkje lenger krav om å føre opp pensjon i dødsmånaden med ei eiga nemning i a-meldinga.
Du skal føre opp pensjon i dødsmånaden med den same nemninga som du brukar for dei aktuelle pensjonsytingane i månadene før dødsmånaden.
Skattefridom for pensjon i dødsmånaden blir vareteke av Skatteetaten når dei fastset skatten.
Unnatak:
Pensjon som blir utbetalt etter sjølve dødsmånaden, blir rekna som etterpensjon. Skatteplikt inntreff når etterpensjon overstig 1 ½ ganger grunnbeløpet i folketrygden. Skattepliktig etterpensjon skal du føra opp som Etterlønn og etterpensjon etter dødsfall. Skattefri etterpensjon skal du ikkje rapportera i a-meldinga.