Tilsett i arbeidsmarknadstiltak
Arbeidsmarknadstiltak kan ha ulike reglar for rapportering i a-meldinga, avhengig av om deltakaren har lønnstilskott eller deltar i varig tilrettelagt arbeid.
Tiltak med lønnstilskott (mellombels eller varig)
Tilsette med mellombels eller varig lønnstilskott er tilsette i ordinære verksemder på vanlege lønns- og arbeidsvilkår. Nav dekkjer delar av lønna for å kompensere for lågare produktivitet.
Desse blir rapporterte med ordinært arbeidsforhold i a-meldinga og vanlege inntektsskildringar.
Varig tilrettelagt arbeid.
Dette tiltaket gjeld personar som får uførepensjon. Det er ikkje krav om ordinær lønn, men arbeidsgivaren kan utbetale bonuslønn. Føremålet er å gi arbeid som utviklar ressursane til deltakaren gjennom kvalifisering og tilrettelagde oppgåver. Rapporteringa skjer som arbeidsforhold med type «pensjon eller andre ytingar». Eventuell lønn blir rapportert som kontantyting under «Lønn ved arbeidsmarknadstiltak».
Korleis rapportere dette i a-meldinga
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over tiltaka og reglane som gjeld. Det er berre to opplysningar som skal rapporterast i a-ordninga; arbeidsforholdstype og lønnsskildring. Dei andre opplysningane er berre med for å gi oversikt og gjere regelverket lettare å forstå.
|
Tiltak |
Arbeidsforholdstype |
Lønnsskildring i a-meldinga |
|
Ordinær, maritime, frilansar m.m. |
Fastlønn. Timelønn, tillegg |
|
|
Ordinær, maritime, frilansar m.m. |
Fastlønn. Timelønn, tillegg |
|
|
Pensjon og andre ytingar |
«Lønn ved arbeidsmarknadstiltak» (timelønn/bonus)
|
Kva bruker vi opplysningane til
Nav bruker opplysningane om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskott.
Skatteetaten bruker opplysningane i samband med skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til statistikkføremål.