Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Særskilde forhold

Endringar i kommune- eller fylkesstruktur

  • Oppdatert: 27.10.2023

Ved endringar i kommune- eller fylkesstruktur, som til dømes kommunesamanslåing eller kommunedeling, må både den noverande og den nye kommunen og fylkeskommunen sørgje for at opplysningar om arbeidsforhold blir knytte til dei rette hovudeiningane og undereiningane.

Ved kommune- og fylkesdeling vil kommunane få oppretta nye organisasjonsnummer for hovudeiningane for dei nye kommunane.

Ved kommune- og fylkessamanslåing kan kommunen anten

  • opprette eit nytt organisasjonsnummer for hovudeininga for den nyoppretta kommunen. Undereiningar frå eksisterande kommunar skal då knytast opp mot det nye organisasjonsnummeret for hovudeininga, eller
  • behalde organisasjonsnummeret for hovudeininga og ta over undereiningar til ein eller fleire kommunar som skal opphøyre

Det er laga ein rettleiar til kommunar og fylkeskommunar som endrar struktur. Rettleiinga ligg på Kartverket sine nettsider.

 

Dette må du gjere når ein nyoppretta kommune eller eit fylke får eit nytt organisasjonsnummer

Ved deling eller samanslåing må

  1. eksisterande kommunar oppgi sluttdato på arbeidsforholda
  2. nyoppretta kommunar oppgi startdato på arbeidsforholda

 

Eksisterande kommunar må oppgi sluttdato

Du avsluttar arbeidsforholda i den gamle kommunen ved å sende a-melding på organisasjonsnummeret til den gamle kommunen og oppgir ein sluttdato for arbeidsforholda. For å unngå feilmeldingar bør sluttdatoen vere siste dato i rapporteringsmånaden. I tillegg må du oppgi ein årsak til sluttdatoen, som ved kommune- eller fylkessamanslåing er endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.

Du bør ikkje setje sluttdato for dei eksisterande arbeidsforholda før den nyoppretta kommunen har rapportert arbeidsforholda i a-meldinga.

 

Døme

Kommune 1 skal avslutte alle arbeidsforholda fordi han har blitt slått saman med Kommune 2. Den nye samanslåtte kommunen, Kommune 3, overtar undereining A frå Kommune 1 og undereining B frå Kommune 2. Overtakinga gjeld frå 1. januar.

A-melding for desember  
Hovedeining Kommune 1
Undereining A
Inntektsmottakar Ola
Startdato på arbeidsforholdet 3. juni 2012
Sluttdato på arbeidsforholdet 31. desember 2023
Årsak til sluttdato endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte

I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar. 

 

Hovedeining Kommune 2
Undereining B
Inntektsmottakar Per
Startdato på arbeidsforholdet 1. mars 2010
Sluttdato på arbeidsforholdet 31. desember 2023
Årsak til sluttdato endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte

I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar. 

 

Nyoppretta kommunar må oppgi startdato

Du må registrere alle arbeidsforholda i den nye kommunen ved å sende a-melding på det nye organisasjonsnummeret og oppgi startdato for arbeidsforholda. Dette gjer du etter at undereiningane er knytte opp mot den nyoppretta hovudeininga i Einingsregisteret. 

Du bør rapportere arbeidsforholda før den gamle kommunen set sluttdato. Oppgi arbeidsforholda i a-meldinga så tidleg som mogleg, slik at arbeidstakarane ikkje blir ståande utan arbeidsforhold.

Merk!
Ny startdato på arbeidsforholda må vere dagen etter sluttdato for at det skal bli rett i Aa-registeret. Viss til dømes sluttdato er 31. desember, så skal startdato vere 1. januar.

 

Døme

Den nye kommunen, Kommune 3, skal oppgi alle arbeidsforholda frå den datoen dei overtar arbeidsgivaransvaret for dei tilsette i Kommune 1 og Kommune 2. Kommune 3 overtar alle undereiningane, mellom anna undereining A og undereining B, frå 1. januar.

A-melding for januar  
Hovedeining Kommune 3

 

 
Undereining A
Inntektsmottakar Ola
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar 2024
Sluttdato på arbeidsforholdet  
   
Undereining B
Inntektsmottakar Per
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar 2024
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar. 

Diagram. Eksisterande kommune 1 fører opp sluttdato for Ola. Eksisterande kommune 2 fører opp sluttdato for Per. Den nyoppretta kommunen fører opp nye arbeidsforhold for Ola og Per med ny startdato. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Diagram. Eksisterande kommune 1 fører opp sluttdato for Ola. Eksisterande kommune 2 fører opp sluttdato for Per. Den nyoppretta kommunen fører opp nye arbeidsforhold for Ola og Per med ny startdato. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Modell: arbeidsforhold ved kommunesamanslåing

 

Dette må du gjere når kommunen beheld organisasjonsnummeret og tar over undereininga i kommunen som opphøyrer

Ved samanslåing må

  1. opphøyrde kommunar oppgi sluttdato på arbeidsforholda
  2. overtakande kommunar oppgi startdato på dei nye arbeidsforholda

 

Opphøyrde kommunar må oppgi sluttdato på arbeidsforholda

Som opphøyrd kommune må du oppgi ein sluttdato på alle arbeidsforholda. I tillegg må du oppgi ein årsak til sluttdato, som ved kommune eller fylkessamanslåing er endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.

 

Døme

Kommune 1, den opphøyrde hovudeininga, skal avslutte alle arbeidsforholda fordi han er blitt slått saman med Kommune 2. Kommune 2 beheld organisasjonsnummeret til hovudeininga og overtar Kommune 1 frå 1. januar.

A-melding for desember  
Hovedeining Kommune 1
Undereining A
Inntektsmottakar Ola
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar 2005
Sluttdato på arbeidsforholdet 31. desember 2023
Årsak til sluttdato endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte

I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.

 

Overtakande kommunar må oppgi startdato på dei nye arbeidsforholda

Som overtakande kommune må du oppgi arbeidsforhold på alle tilsette som du overtar arbeidsgivaransvaret for. For utdjupande informasjon om kva opplysningar du skal oppgi, sjå dei ulike typane arbeidsforhold.

Merk!
Den nye startdatoen på arbeidsforholdet må vere dagen etter sluttdato for at det skal bli riktige opplysningar i Aa-registeret i NAV. Til dømes sluttdato 31. desember og startdato 1. januar.
 

Døme

Overtakande hovudeining, Kommune 2, skal oppgi alle arbeidsforholda frå den datoen dei overtar arbeidsgivaransvaret for dei tilsette hos Kommune 1.

A-melding for januar  
Hovedeining Kommune 2
Undereining A
Inntektsmottakar Ola
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar 2024
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg må du oppgi andre obligatoriske opplysningar.

Diagram. Kommune 2 tar over arbeidsgiveransvaret til ansatte i kommune 1. En kommune tar over virksomheten(e) til en annen kommune.
Modell: Arbeidsforhold ved kommunesammenslåing.

 

Til toppen

Desse samarbeider om a-meldinga:

 

Logo NAV
Logo Statistisk Sentralbyrå
Logo Skatteetaten
footer/desktop/standard
Skatteetaten. Logo
Satser
Skjema og tjenester
Sámegiel skovit
Sikkerhet og personvern
Tilgjengelighetserklæring