Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding
  3. Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG)

Avvik mellom oppgitt avgiftsgrunnlag og summen av avgiftspliktige inntekter for alle inntektsmottakarane

  • Oppdatert: 19.01.2018

F184 / MAGNET_EDAG-184

    Kvifor denne feilmeldinga

    Du har oppgitt ein sum for avgiftsgrunnlag lønn som ikkje er lik summen av avgiftspliktige inntekter på inntektsmottakarane.


    Feilmeldinga kan kome av at du har

    • oppgitt for lågt eller høgt avgiftsgrunnlag på lønn for arbeidsgivaravgifta
    • oppgitt ei inntekt som ikkje er avgiftspliktig som avgiftspliktig

     
    Mogelege årsaker til at du får denne feilen, men som du ikkje skal rette (sjå òg døme nedanfor):

    • oppgitt beløp under grensa for opplysningsplikt i sum avgiftsgrunnlag lønn. Det vil seie beløp som du skal betale arbeidsgivaravgift av, men som ikkje er rapportert på ein inntektsmottakar
    • ikkje oppgitt inntekta til sjøfolk i avgiftsgrunnlaget, i tilfelle der du betaler arbeidsgivaravgift for sjøfolk med eit fast beløp i månaden.
    • retta arbeidsgivaravgift som gjeld ein annan månad/termin
    • oppgitt betalt avgift for personar som du ikkje skal rapportere lønn for
    • fått refusjon av sjukepengar frå NAV

     

    Må du rette

    A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.

    Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.

    Alvorsgrad: Retningslinje

    Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil

     

    Slik rettar du

    1. Kontroller om du har oppgitt feil sum avgiftsgrunnlag lønn eller feil i dei einskilde avgiftspliktige ytingane på alle inntektsmottakarane.

    2. Er det rett rapportert og avviket stemmer, treng du ikkje gjere noko.

    3. Er det feil avgiftsgrunnlag, rettar du dette. Er det feil yting, rettar du denne.

    4. Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.

     

    Døme på feil du må rette

     

    Døme 1 – avgiftsgrunnlaget er oppgitt for høgt

    Eit vikarbyrå betaler 7 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Per i mai. Dei oppgir lønna på 7 000 kroner og grunnlag for arbeidsgivaravgift på 10 000 kroner. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 med opplysning om avvik på 3 000 kroner i avgiftsgrunnlaget.

    Vikarbyrået rettar slik at avgiftsgrunnlaget blir likt det som er oppgitt på avgiftspliktig lønn.
    Avgiftsgrunnlag for lønn  - 3 000

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    Totalt for mai har dei no oppgitt sum avgiftsgrunnlag for lønn på 7 000 kroner (10 000 - 3000), som er det same som den avgiftspliktige lønna til Per.

     

    Døme 2 – inntekt som ikkje er avgiftspliktig

    Eit cruiseskipselskap har sendt a-melding for januar, februar og mars med opplysningar om avgiftspliktig lønn for Per opptent i utlandet på totalt 60 000 kroner. I april får dei melding om at Per ikkje er medlem av folketrygda og lønna er derfor ikkje arbeidsgivaravgiftspliktig.

    Cruiseskipselskapet reduserer avgiftsgrunnlaget på lønn for april med - 60 000 kroner.

    Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 med opplysning om avvik på 60 000 kroner i avgiftsgrunnlaget mellom det som er oppgitt som avgiftspliktig lønn for april.

    A-melding for dei tre første månedene (inga endring)

    Sum i a-meldingen for dei tre første månadene (undereining)
    Berekningskode generelle næringar
    Sone 1
    Avgiftssats 14,1 prosent
    Avgiftsgrunnlag 60 000

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysninger

    A-melding for måned 4

    Opplysninger om retting som tas med og summeres med positive lønnsytingar for perioden 
    Berekningskode generelle næringar
    Sone 1
    Avgiftssats 14,1 prosent
    Avgiftsgrunnlag - 60 000

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysninger

    Cruiseselskapet vil få tilbakemelding med retningslinje MAGNET_EDAG-184 fordi det er avvik mellom totalt oppgitt avgiftsgrunnlag og summen av avgiftspliktige inntekter. Dette er OK og dei treng ikkje rette. 

     

    Døme på feilmelding når du ikkje må rette

     

    Døme 3 – sum avgiftsgrunnlag lønn inneheld beløp under oppgåveplikt

    Eit arkitektbyrå betaler 7 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Per. I tillegg har byrået 6 vikarar som får 500 kroner i avgiftspliktig lønn.  Lønna til vikarane er ikkje opplysningspliktig fordi ho er under 1 000 kroner per vikar totalt for heile året. Summen for arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget på lønn inneheld desse inntektene, så totalt er grunnlaget 10 000 kroner.

    Vikarbyrået får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 med opplysning om avvik på 3 000 kroner i avgiftsgrunnlaget. Dette er OK, fordi avviket gjeld avgiftspliktig lønn under opplysningsplikt.

     

    Døme 4 – a-meldinga inneheld sjøfolk som har avgift med eit fast beløp

    Eit reiarlag betaler 7 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Ola og 10 000 kroner i lønn til Emma. For Ola skal reiarlaget betale vanleg arbeidsgivaravgift, medan for Emma gjeld reglane for sjøfolk som skal betale avgift med eit fast beløp i månaden. Dei oppgir grunnlag i arbeidsgivaravgift lønn på 7 000 kroner.

    Reiarlaget får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 med opplysning om avvik på 10 000 kroner i avgiftsgrunnlaget. Dette er OK, fordi avviket gjeld avgiftspliktig lønn som ikkje inngår i det vanlege arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget, fordi det er ein fast sats som gjeld for Emma.

     

    Døme 5 - rettar arbeidsgivaravgift som gjeld ein annan periode

    Eit vikarbyrå betaler 10 000 kroner i avgiftspliktig lønn til Ola. I tillegg skal dei korrigere for mykje betalt arbeidsgivaravgift som gjeld ein tidlegare månad. Avgiftsgrunnlaget for korrigering er - 4 000 kroner. Dei oppgir 6 000 kroner i grunnlag for arbeidsgivaravgift på lønn.

    Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 med opplysning om avvik på - 4 000 kroner i avgiftsgrunnlaget. Dette er OK, fordi avviket gjeld avgift for ein tidlegare periode.

     

    Døme 6 – a-meldinga inneheld avgift for personar der lønna ikkje er opplysningspliktig i a-meldinga

    Eit svensk sjukehus som betaler 10 000 kroner i lønn til Ola. Ola kan dokumentere at han er medlem i norsk trygd slik at sjukehuset skal rapportere og betale arbeidsgivaravgift til Noreg. Sjukehuset skal ikkje rapportere lønnsopplysningar til Noreg. Dei oppgir berre 10 000 kroner i grunnlag for arbeidsgivaravgift for lønn, men ikkje lønna til Ola.

    Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 med opplysning om avvik på 10 000 kroner i avgiftsgrunnlaget. Dette er OK, fordi sjukehuset ikkje har opplysningsplikt for lønnsopplysningar om Ola.

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring