Forholdet mellom stillingsprosent og fastlønn er ulogisk
F529 / MAGNET_EDAG_529
Kvifor får du denne feilmeldinga
Du har oppgitt stillingsprosenten til 0 samtidig som den tilsette har fått fastlønn. Kombinasjonen av 0 i stillingsprosent og fastlønn er ulogisk. Fastlønn føreset ei aktiv stilling med ein avtalt stillingsprosent.
Feilmeldinga kan komme av at du har:
- Oppgitt feil stillingsprosent.
- Oppgitt feil inntektsnemning.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Hvis det er feil, må du rette opp i feilen innen fristen for levering av a-melding i kalendermåneden du har fått feilmeldingen.
Alvorlighetsgrad: Retningslinje
Sjå oversikt over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om ein av dei tilsette faktisk skal stå med 0 i stillingsprosent. Viss stillingsprosenten er feil, oppgir du den rette stillingsprosenten på arbeidsforholdet i den neste a-meldinga, eller i den siste a-meldinga der arbeidsforholdet blir rapportert.
- Sjå til at inntektsnemninga er rett. Viss den tilsette til dømes har avtale om timelønn, må du endre inntektsnemninga til timelønn.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga på nytt. Bruker du eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren om du er usikker på korleis du rettar i systemet ditt.
Døme 1 – feil stillingsprosent
Eit røyrleggjarfirma sender inn ei a-melding for februar med opplysningar om arbeidsforhold og lønn for Hilde. Dei oppgir 0 i stillingsprosent og 20 000 kroner i fastlønn.
Røyrleggjarfirmaet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-F529, fordi dei har rapportert 0 i stillingsprosent i kombinasjon med fastlønn.
Firmaet ser at dei har tasta feil stillingsprosent. Hilde har ei stilling på 100 prosent.
Firmaet rettar stillingsprosenten til 100 prosent i den neste a‑meldinga, eller i den siste a‑meldinga der arbeidsforholdet blir rapportert, og sender inn a-meldinga på nytt.
Døme 2 – feil inntektsnemning
Eit butikkselskap sender inn ei a-melding for juni med opplysningar om arbeidsforhold og lønn for Ali. Ali arbeider som tilkallingsvikar og får betalt per time. I juni har Ali tatt fleire vakter, og han har tent 6 500 kroner.
Arbeidsgivaren rapporterer dette som kontantyting – fastlønn: 6 500 kroner, sjølv om Ali ikkje har noka fast stilling og står med 0 i stillingsprosent.
Arbeidsgivaren får feilmeldinga MAGNET_EDAG-F529, fordi kombinasjonen av 0 i stillingsprosent og fastlønn tilseier at inntektsnemninga er feil.
Sidan Ali arbeider ved behov og får betalt for faktisk arbeidstid, skulle beløpet vore rapportert som kontantyting – timelønn, ikkje fastlønn. Beløpet er altså rett, men nemninga av ytinga er feil.
Arbeidsgivaren sender inn ei erstatningsmelding for juni, der beløpet på 6 500 kroner blir rapportert som kontantyting – timelønn i staden for fastlønn. Beløpet er rett, men inntektsnemninga må endrast. Arbeidsgivaren sender deretter inn a‑meldinga på nytt.