Eigar av enkeltpersonsføretak kan ikkje levere a-melding med opplysninger om seg sjølv
F516/MAGNET_EDAG-516
Har du fått denne feilmeldingen for januar 2024?
Er du eier av et enkeltpersonforetak kan du ikke rapportere arbeidsforhold eller lønnsinntekt på deg selv. Dette skal du kun gjøre for dine ansatte. Din egen inntekt skal rapporteres som næringsinntekt på skattemeldingen og ikke som lønnsinntekt i a-meldingen.
A-meldingen blir avvist når du rapporterer arbeidsforhold eller lønn på innehaver av enkeltpersonforetak.
Hvis du har rapportert arbeidsforhold på innehaver i 2023, må du avslutte arbeidsforhold på innehaver. Dette gjør du på a-meldingen for desember 2023. Sett startdato=sluttdato og stillingsprosent 0 i desember 2023 på innehaver og oppgi sluttårsak “arbeidsforholdet skulle aldri vært rapportert”.
Har du andre ansatte, beholder du opplysningene om de i a-meldingen.
Du må utelate innehaver fra a-meldingen for januar 2024 før du sender inn på nytt. Lenger ned på denne siden finner du en forklaring på hvordan du kan rette a-meldingen. Se kapittelet «slik retter du».
Kvifor får du denne feilmeldinga?
Du har gitt opplysningar om inntekt og arbeidsforholdsopplysningar for innehavaren av eit enkeltpersonføretak i a-meldinga.
Ein innehavar av eit enkeltpersonføretak kan ikkje vere tilsett i sitt eige enkeltpersonføretak. Du kan derfor ikkje registrere arbeidsforhold for innehaveren i a-meldinga. Du kan heller ikkje oppgi innehavaren sine inntekter i a-meldinga. Innehavaren av eit enkeltpersonføretak skal oppgi inntektene sine i skattemeldinga for næringsdrivande.
Det er berre personar som er tilsette i enkeltpersonføretaket du skal levere a-melding for.
Feilmeldinga kan komme av at du har:
- tasta feil fødselsnummer
- registrert lønn og arbeidsforhold på eigar av enkeltpersonføretak
Sjå kven som må levere a-melding for meir informasjon.
Må du rette?
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvisning
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik retter du
Har du berre rapportert lønn på innehavar av enkeltpersonsføretak, treng du ikkje gjere nokon endringar. Meldinga er avvist og du skal ikkje sende a-melding. Inneheld a-meldinga informasjon om fleire personar må du:
- Fjern informajonen om eigar av enkeltpersonføretaket frå a-meldinga.
- Dersom årsaka til feilen er tastefeil av d-nummer eller fødselsnummer endrar du til korrekt nummer.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du bruker eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren om du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit enkeltpersonføretak leverar a-melding med opplysningar om inntekt og arbeidsforhold for mellom annet Turid. De får feilmelding MAGNET_EDAG-516 fordi Turid er registrert som eigar av enkeltpersonføretaket.
Enkeltpersonførtaket leverar ei ny a-melding utan informasjon om Turid.