Endring av arbeidsgivaravgift eller finansskatt for perioden er gjort meir enn 5 år etter utgangen av skattleggingsperioden
F512 / MAGNET_EDAG-512
Kvifor denne feilmeldinga
Endring av arbeidsgivaravgift og/eller finansskatt for perioden er gjort meir enn 5 år etter utgangen av skattleggingsperioden.
Det er ikkje mogleg å endre opplysningar om arbeidsgivaravgift og/eller finansskatt for periodar som er meir enn 5 år etter utgangen av skattleggingsperioden, med unntak av frivillig retting, jf. skatteforvaltningslova § 12-6 andre ledd. A-meldinga for perioden vart sendt etter at fristen for endring av skattefastsetjing var gått ut.
Dersom endringa medfører eit tilgodebeløp, vil skattestyresmaktene avvise endringa i arbeidsgivaravgift og/eller finansskatt på dette grunnlaget. Dei andre opplysningane i den innsende a-meldinga vil likevel bli lagde til grunn. I tilfelle der endringa resulterer i eit skuldig beløp, vil skattestyresmaktene leggje opplysningane til grunn for periodar inntil 10 år etter utgangen av skattleggingsperioden.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorlighetsgrad: Retningslinje