Feil i forskotstrekk
F173-2 / MAGNET_EDAG-173-2
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein sum på forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato som er forskjellig frå summen av forskotstrekk på alle inntektsmottakarane.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- gløymt å oppgi forskotstrekkopplysningar på einskilde inntektsmottakarar
- hatt fleire lønnsutbetalingsdatoar, og gløymt å gi opplysningar om forskuddstrekk for alle lønnsutbetalingsdatoane
- brukt feil forteikn på forskotstrekket (positivt/negativt beløp).
Sum forskotstrekk å betale skal vere eit positivt beløp, forskotstrekket til ein inntektsmottakar skal vere eit negativt beløp.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller beløpa for forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato og forskotstrekk på inntektsmottakarane, og endre slik at sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato er lik summen av dei einskilde forskotstrekka du har oppgitt per inntektsmottakar.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsrapport (A06 / A07). Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme 1 – gløymt å oppgi eit forskotstrekk
Ein butikk har sendt a-melding for mai med opplysningar om at Per har eit forskotstrekk på - 4 000 kroner og Ola eit på - 5 000 kroner. Dei gløymde å føre opp forskotstrekk på kr - 1 000 kroner for Kari. Totalt er det oppgitt at butikken skal betale 10 000 kroner i sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-173-2 fordi forskuddstrekk per lønnsutbetalingsdato er 1 000 kroner meir enn summen av forskotstrekket til Per, Ola og Kari.
|
Butikken sender a-melding med det manglande forskotstrekket til Kari slik at total sum for forskotstrekk på inntektsmottakarane stemmer med sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato. |
|
|
Forskotstrekk til Kari |
- 1 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum forskotstrekk på Per, Ola og Kari på - 10 000 kroner (- 4 000, - 5 000 og - 1 000) og sum forskotstrekk å betale 10 000 kroner.
Døme 2 – brukt feil forteikn
Eit arkitektbyrå har sendt inn a-melding for mai med opplysningar om at Stine har eit forskotstrekk på 5 000 kroner og Lise eit på 3 000 kroner. Totalt er det oppgitt at byrået skal betale 8 000 kroner i sum forskotstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-173-2 fordi sum forskuddstrekk per lønnsutbetalingsdato er ulik summen av forskotstrekket til Stine og Lise. Byrået har fått feilmeldinga fordi dei har oppgitt forskotstrekket til Stine og Lise med positivt forteikn.
|
Arkitektbyrået sender ei a-melding og justerer forskotstrekket til Stine og Lise slik at total sum for forskotstrekk på inntektsmottakarane stemmer med sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato. |
|
|
Forskotstrekk til Stine |
- 10 000 |
|
Forskotstrekk til Lise |
- 6 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum forskotstrekk på Stine og Lisa på - 8 000 kroner (5 000 + 3 000 - 10 000 – 6 000) og sum forskotstrekk å betale 8 000 kroner.
Døme 3 – trekt for mykje
Eit bakeri har sendt inn a-melding for mai med opplysningar om at Åge har eit forskotstrekk - 5 000. Totalt er det oppgitt at bakeriet skal betale 8 000 kroner i sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato. Dei oppdagar at dei har oppgitt for mykje i sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-173-2 fordi sum forskuddstrekk per lønnsutbetalingsdato er ulik forskotstrekket til Åge.
|
Bakeriet sender en a-melding og justerer sum forskuddstrekk å betale. |
|
|
Sum forskuddstrekk å betale |
- 3 000 |
I tillegg oppgir de andre obligatoriske opplysninger.
Totalt for mai har de nå oppgitt forskuddstrekk på Åge- 5 000 og sum forskuddstrekk per lønnsutbetalingsdato 5 000 kroner (8 000-3 000).
|
Bakeriet sender ei a-melding og justerer sum forskotstrekk å betale. |
|
|
Sum forskotstrekk å betale |
- 3 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt forskotstrekk på Åge - 5 000 og sum forskotstrekk per lønnsutbetalingsdato 5 000 kroner (8 000-3 000).