For arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" skal talet på timar per veke for full stilling vere 35,5
F235-3 / MAGNET_EDAG-235-3
Kvifor denne feilmeldinga
Talet på timar per veke for ei full stilling er for høgt eller lågt For arbeidstidsordninga "døgnkontinuerlegSkiftOgTurnus355" skal talet på timar per veke for full stilling vere 35,5 timar.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp noko anna enn 35,5 timar per veke for ei full stilling ved arbeidstidsordning "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355"
- oppgitt feil type arbeidstidsordning
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Denne feilen har alvorsgrad «Retningslinje».
Men dersom du får denne feilmeldinga, inneheld likevel a-meldinga feil du må rette opp i.
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn arbeidsforhold med arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" og kontroller om det talet på timar ein har oppgitt per veke for ei full stilling er rett.
- Dersom du har gitt opp feil timetal, rett til riktig verdi på talet på timar per veke for full stilling ved "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" (talet på timar 35,5).
- Dersom arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" er feil for dette arbeidsforholdet, endre til rett arbeidstidsordning.
- Dersom talet på timar per veke som ei full stilling svarar til ikkje er 35,5, må du endre arbeidstidsordning til "Ikkje skift".
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – talet på timar for full stilling er feil
Eit serviceselskap sender a-melding for september med opplysningar om Lise. Dei oppgir arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" og talet på timar per veke 37,5.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235-3 fordi talet på timar ei full stilling svarar til ikkje er 35,5.
Serviceselskapet oppgir timane som ei full stilling svarar til for Lise til: | |
Talet på timar ei full stilling svarar til | 35,5 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme – arbeidstidsordning er feil
Ein institusjon sender a-melding for september med opplysningar om Ola. Dei oppgir arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" og talet på timar per veke 37,5.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235-3 fordi talet på timar ei full stilling svarar til ikkje er 35,5.
Institusjonen endrar timane som ei full stilling svarar til for Ola til: | |
Arbeidstidsordning | ikkeSkift |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.