For arbeidstidsordninga "offshore336" skal talet på timar per veke for full stilling vere mellom 28 og 33,6
F235-1 / MAGNET_EDAG-235
Kvifor denne feilmeldinga
Talet på timar per veke for ei full stilling er for høgt eller lågt For arbeidstidsordninga "offshore336" skal talet på timar per veke for full stilling vere mellom 28 og 33,6 timar.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp for få timar per veke for ei full stilling ved arbeidstidsordninga "offshore336"
- ført opp for mange timar per veke for ei full stilling ved arbeidstidsordninga "offshore336"
- oppgitt feil type arbeidstidsordning
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn arbeidsforhold med arbeidstidsordninga "offshore336" og kontroller om det talet på timar ein har oppgitt per veke for ei full stilling er rett.
- Dersom du har gitt opp feil timetal, rett til riktig verdi på talet på timar per veke for full stilling ved "offshore336" (mellom 28 og 33,6).
- Dersom arbeidstidsordninga "offshore336" er feil for dette arbeidsforholdet, endre til rett arbeidstidsordning.
- Dersom talet på timar per veke som ei full stilling svarar til ikkje er mellom 28 og 33,6 timar, må du endre arbeidstidsordning til "IkkjeSkift".
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.
Døme – talet på timar for full stilling er feil
Eit oljeselskap sender inn a-melding for september med opplysningar om George. Dei oppgir arbeidstidsordninga "offshore336" og talet på timar per veke 37,5.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235 fordi talet på timar ei full stilling svarar til ikkje er mellom 28 – 33,6.
Oljeselskapet endrar timane som ei full stilling svarar til for George til: | |
Talet på timar som ei full stilling svarar til | 33,6 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme – arbeidstidsordning er feil
Eit oljeselskap sender a-melding for september med opplysningar om Ola. Dei oppgir arbeidstidsordninga "offshore336" og talet på timar som ei full stilling svarar til per veke 37,5. Arbeidstidsordninga skulle vore «Ikkje skift».
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235 fordi talet på timar ei full stilling svarar til ikkje er mellom 28 – 33,6.
Dei endrar arbeidstidsordning til «Ikkje skift»: | |
Arbeidstidsordning | Ikkje skift |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.