No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no
Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).
Forholdet mellom timelønn og talet på timar er ulogisk
F505/MAGNET_EDAG-505
Kvifor denne feilmeldinga
Du har rapportert timelønn og tal på timar. Desse opplysningane gir ein timelønnssats på over 10 000 kroner. Timelønnssatsen for ein inntektsmottakar er normalt lågare.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- tasta feil beløp
- tasta feil tal på timarr
- brukt feil inntektsnemning (timelønn)
Du kan lese meir om timelønn her
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikt over ulike alvorsgradar på feil
Slik retter du
- Sjekk om du har oppgitt riktig inntektsnemning, tal på timar og beløp på timelønn.
- Har du oppgitt feil, korriger til det som er riktig.
- Når du har retta feilen, send inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Storbedrift AS sender a-melding for august med opplysningar om inntekta til Kari. Dei fører opp 18 000 kroner på timelønn og 1 i talet på timar. Storbedrift AS får feilmelding MAGNET_EDAG-F505 fordi timelønn og talet på timar gir ein berekna timelønnssats på over 10 000 kroner.
Storbedrift AS ser at Kari har fått utbetalt bonus og dette skulle ikkje ha vore rapportert som timelønn. Dei rettar ved å endre inntektsnemninga til bonus og sender ny a-melding.
A-melding for august: | ||
Inntektsmottakar | Kari | |
Beløp | - | 18 000 |
Inntektsnemning | timelønn | |
Talet på timar | - | 1 |
Beløp | 18 000 | |
Inntektsnemning | bonus |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.