Inaktivt d-nummer
F515/MAGNET_EDAG-515
Kvifor får du denne feilmeldinga?
Du har sendt ei a-melding med opplysningar om ein inntektsmottakar som har eit inaktivt d-nummer. Alle d-nummer blir inaktive i Folkeregisteret fem år etter at dei er tildelte.
Personar med inaktive d-nummer må få d-nummeret reaktivert før dei får utferda skattekort. Les meir om kva inntektsmottakar må gjere for å reaktivere d-nummeret på skatteetaten.no.
Må du rette?
Dersom d-nummeret du har oppgitt er korrekt, treng du ikkje å rette a-meldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje