Informasjonen i meldinga stemmer ikkje overeins med informasjon i Brønnøysundregistre/Einingsregisteret
F501/MAGNET_EDAG-501
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit organisasjonsnummer til ei undereining som ikkje er knytt til ei hovudeining i Brønnøysundregistra (Einingsregisteret).
Dette kan til dømes kome av at:
- Du har oppgitt feil organisasjonsnummer til undereininga
- Du rapporterer på ei undereining som vart nedlagd før 2011
- Undereininga er ikkje knytt til hovedeininga
- Du rapporterer på vegne av konkursbu og brukar organisasjonsnummeret til undereininga til konkursdebitor
Vær oppmerksam på at viss det nyleg er registrert ein overdraging av verksemd eller nyleg er oppretta ei undereining kan det ta noko tid før Brønnøysundregistra er oppdatert.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlige feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller nummeret til undereininga du har nytta i a-meldinga.
- Du skal bruke organisasjonsnummer til ei undereining som er knytt til hovedeininga.
- Er du usikker på kva for undereining som er riktig i ditt tilfelle, undersøk med Brønnøysundregistra (Einingsregisteret).
- Når du har retta feilen, send inn a-meldinga. Nyttar du eit lønnssystem, sjekk med systemleverandøren, viss du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Firma A sender a-melding for august på ein verksemd (undereining) som dei nyleg har overdratt frå ein annan opplysningspliktig (hovedeining).
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-501 fordi undereininga enda ikkje er tilknytt Firma A i Brønnøysundregistra. A-meldinga blir avvist.
Firma A sjekkar dagen etter om knytinga er gjort ved å søke i Brønnøysundregistra på hovudeininga sitt organisasjonsnummer. Når dei ser at den overdratte verksemda er registrert som ei undereining sendar dei a-meldinga på nytt. Frå dei ser at undereininga er knytt saman med hovedeininga, kan det ta eit par dagar før dei kan sende ny a-melding.