Inntektsmottakaren sin fødselsdato er ikkje i samsvar med fødselsnummer/D-nummer
F254 / MAGNET_EDAG-254
Kvifor denne feilmeldinga
Fødselsdatoen stemmer ikkje med fødselsdatoen i fødselsnummer eller D-nummer.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- tasta eit nummer feil
- gløymt eit nummer
- oppgitt feil fødselsdato
- fått eit D-nummer der fødselsdato ikkje kan avleiast frå D-nummeret
- fått eit norsk fødselsnummer der fødselsdato ikkje kan avleiast frå norsk fødselsnummer
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
Du har ved ein feil oppgitt ein fødselsdato som ikkje stemmer med fødselsnummer eller D-nummer.
- Finn fødselsdatoen som er feil, og rett opp til korrekt dato, den same fødselsdatoen som kan avleiast frå fødselsnummeret eller D-nummeret.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
- Du må også rette alle a-meldingane som eventuelt er sende inn med feil fødselsdato tidlegare. I alle a-meldingane må du endre fødselsdato til same fødselsdato som i fødselsnummeret eller D-nummeret. Alternativt kan du endre i alle a-meldingar der du har oppgitt internasjonal ID, og erstatte med D-nummer.
Fødselsdato som blir avleia frå fødselsnummer eller D-nummer, stemmer ikkje med faktisk fødselsdato.
- Dersom du har fått eit fødselsnummer eller D-nummer der fødselsdatoen ikkje kan avleiast frå fødselsnummeret eller D-nummeret, må du endre i alle a-meldingar der du har oppgitt internasjonal ID, og erstatte med D-nummer.
Døme
Eit arkitektbyrå har oppgitt Pjotr med internasjonal ID i a-meldingar frå januar til mars, med rett fødselsdato 01.01.1967.
I april får Pjotr D-nummer 61016711111 (det vil seie fødselsdato 21.01.1967). I april oppgir arkitektbyrået Pjotr sin internasjonale ID og D-nummer i same a-melding, men fødselsdatoen på internasjonal ID (01.01.1967) er ikkje den same fødselsdatoen som blir avleia frå D-nummeret (21.01.1967).
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-254 på a-meldinga for april.
A-melding for april
Arkitektbyrået fjernar internasjonal ID for Pjotr frå a-meldinga og erstattar denne med D-nummer: | |
D-nummer | 61016711111 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.
NB! Alle a-meldingar der Pjotr er oppgitt med internasjonal ID må erstattast med meldingar der ein brukar D-nummer i staden for internasjonal ID. Arkitektbyrået må rette opp a-meldingane for januar, februar og mars òg.